Frank Bjelland kan endeleg kosta på seg eit ørlite smil. (Saka er oppdatert.)

Nord- og Midthordland jordskifterett gav nyleg Frank Bjelland rett i at striden om grensene for eigedomen hans på Anglevik kan behandlast av jordskifteretten.
Frank Bjelland har ført ein lang og vond kamp, mellom anna mot Fjell kommune, for å få fastsett grensene for eigedomen sin. Eigedomsgrensene, slik dei framkjem i kommunen sine kart, er ikkje i samsvar med det opphavelege skyldskiftet, hevdar han.
Les: Vurderer Bjelland-varsel om mogeleg korrupsjon
Bjelland sine forsøk på å få Fjell kommune til å ta saka opp på nytt har blitt avvist av kommunen. Eigedomsgrensene hans er alt fastsette av jordskifteretten, men i ei anna sak, er det hevda.
Deloitte sjekka ikkje
I sin frustrasjon varsla Bjelland i fjor vår om mogeleg korrupsjon og kameraderi hos kommunalt tilsette.
Revisjonsverksemda lot vera å sjekka med jordskifteretten korvidt påstandane faktisk er rette.
Les: Frikjent for korrupsjon, kritisert for uprofesjonalitet
Grensestriden kan behandlast

I ein fersk kjennelse frå Nord- og Midthordland jordskifterett slår retten fast at den omstridte eigedomsgrensa ikkje vert fastsett i dei tidlegare rettsavgjerdene.
Tidlegare kjennelsar er difor ikkje til hinder for at jordskifteretten tek spørsmålet om grensene til Bjelland sin eigedom opp til behandling, slår Nord- og Midthordland jordskifterett fast.
No vert det opp til jordskifteretten til å vurdera innhaldet i dei opprinnelege skyldskifta og fastslå kvar grensene går.