Mandatbrot vert sak for kommunestyra

Kommunestyra i Fjell, Sund og Øygarden skal få lov å seia kva dei meinar om forslaget til brot på intensjonsavtalen om å kutta talet på hovudutval i Nye Øygarden frå fire til to eller tre, før avgjersla vert teken.

Intensjonsavtalen som ligg til grunn for å slå saman Fjell, Sund og Øygarden til ein kommune slår fast at talet på hovudutval i den nye kommunen skal vera fire.

Underutvalet for politisk styringsstruktur i Fellesnemnda derimot, vil redusera talet på hovudutval frå fire til to.

Les: Kuttar i intensjonsavtalen

Fellesnemnda har teke undervegsmeldingane frå underutvalet med fatning. Dei eksterne reaksjonane på forslaget om å kutta talet på politiske hovudutval i Nye Øygarden har derimot vore sterke.

Les: Gjestekommentar: Fellesnemnda går ut over mandatet sitt

Det stod ingenting i innstillinga til vedtak. Då Fellesnemnda skulle vedta sluttrapporten om politisk styringsstruktur frå underutvalet i dag, var tonen likevel ein heilt annan.

– Eg må gjera gjera fellesnemnda merksam på mandat vårt. Intensjonsavtalen som kommunestyra har vedteke og som vi vedtok på Panorama seier at kommunestyret skal ha fire hovudutval. Sidan vi har gjort dette vedtaket, må vi tilbake til kommunestyra om vi gjer avvik frå mandatet, sa leiar Kari Anne Landro straks Marianne Sandahl Bjorøy hadde avslutta orienteringa om innhaldet i sluttrapporten, og før diskusjonen byrja.

Ei samrøystes fellesnemnd vedtok til slutt å senda rapporten om politisk styringsstruktur i Nye Øygarden på høyring hos kommunestyra før fellesnemnda tek endeleg avgjerd om talet på hovudutval i den nye kommunen.

Debatten om fordelar og ulemper om to, tre eller fire hovudutval vart lang. Fleirtalet i fellesnemnda tilrår kommunestyra å gå for to hovudutval. Mindretalet Svein Bergh (SL), Daniel Victor Sandvik (FrP), Jørgen Kausland (H) og Nils Kåre Skoge (H) stemte for tre.

Advertisements

2 Comments

  1. Det er positivt at Fellesnemda no endeleg har sett seg inn i, og forstått, kva Intensjonsavtalen pkt. 6 inneheld OG ikkje minst kva Inndelingslova seie om dette som eit overordna ramme for kommunereforma. Fellesnemda må framvisa respekt for det FELLES kommunestyremøtet gjorde vedtak om og som vart leia av statens mann i Hordaland, Lars Sponheim, på Panorama Hotel. So langt er alt vel og bra.

    Fellesnemda har likeve i møtet den 16.4.18 rota det for seg sjølv. Dei vel å gjera ein «short cut» med følgjande grunnleggande feil:

    1. Dei undergraver framleis vedtaket dei 3 kommunestyra gjorde på Panorama gjennom å ikkje respektere vedtaket om dei 4 hovudutvala og kva dei skal heite. Dei vel å sende saka ut på HØYRING til dei enkelte kommunestyra. Fellesnemda vil informera kommunestyra enkeltvis om at dei har bråte Inndelingslova og Intensjonsavtalen. Det er her grunn til å vise til Inndelingslova Kap. VI prg. 26 1. ledd siste setning: «Reglane i kommunelova om val og saksbehandling i folkevalde organ gjeld elles tilsvarande.» Om politikarane vil endra på innhaldet i vedtaket gjort i FELLESMØTET for dei 3 kommunestyra samla, skulle Fellesnemda ha innkalla til NYTT vedtaksfør FELLES kommunestyre for dei 3 kommunane.

    2. Å sende saka ut på høyring til dei 3 kommunestyra ENKELTVIS er eit feilgrep og endrar formelt sett ikkje på noko. Skal ein endra på vedtaket frå det felles kommunestyremøtet må det baserast på legalitetsprinsippet (Dvs. lov, forskrift/sedvane må følgjast) Det kan virke som om Fellesnemda vil lura seg sjølv. Skal innhaldet i vedtaket endrast, MÅ saka tilbake til det organet som har fatta vedtaket, dvs. Det FELLES kommunestyremøtet for dei 3 kommunestyra SAMLA.

    3. Fellesnemda gjer i høringsuttalen utrykk for «føringar» kva dei ønskjer og vil. Det er lite objektiv formulert. Samstundes ber Fellesnemda om at dei ber kommunestyra driva med «saksbehandling» for å vega fordelar og ulemper til dei ulike tala på hovedutval. Her legg Fellesnemda for dagen ei grunnleggjande mangel på kunnskap. Det er jo nettopp Fellesnemda si oppgåve å utgreie/saksbehandler fram dei ulike momenta som krevs, men i tråd med forvalningslova, kommunelova, Inndelingslova og Intensjonsavtalen, ikkje kommunestyra enkeltvis..

    Fellesnemda må ha ei forventning til seg sjølv til å ha stabil framdrift og demokratisk innsikt. Lukke til vidare i arbeidet !

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.