Gjestekommentar: Vil fellesnemnda lura seg sjølv?

Det er positivt at Fellesnemda no endeleg har sett seg inn i, og forstått, kva Intensjonsavtalen pkt. 6 inneheld OG ikkje minst kva Inndelingslova seier om dette som eit overordna ramme for kommunereforma.

Av Bjarte Sangolt

Fellesnemda må framvisa respekt for det FELLES kommunestyremøtet gjorde vedtak om og som vart leia av statens mann i Hordaland, Lars Sponheim, på Panorama Hotel. So langt er alt vel og bra.

Les: Mandatbrot vert sak for kommunestyra

Fellesnemda har likevel i møtet den 16.4.18 rota det for seg sjølv. Dei vel å gjera ein «short cut» med følgjande grunnleggande feil:

1. Dei undergraver framleis vedtaket dei 3 kommunestyra gjorde på Panorama gjennom å ikkje respektere vedtaket om dei 4 hovudutvala og kva dei skal heite. Dei vel å sende saka ut på HØYRING til dei enkelte kommunestyra. Fellesnemda vil informera kommunestyra enkeltvis om at dei har bråte Inndelingslova og Intensjonsavtalen. Det er her grunn til å vise til Inndelingslova Kap. VI prg. 26 1. ledd, siste setning: «Reglane i kommunelova om val og saksbehandling i folkevalde organ gjeld elles tilsvarande.»

Om politikarane vil endra på innhaldet i vedtaket gjort i FELLESMØTET for dei 3 kommunestyra samla, skulle Fellesnemda ha innkalla til NYTT vedtaksført FELLES kommunestyre for dei 3 kommunane.

2. Å sende saka ut på høyring til dei 3 kommunestyra ENKELTVIS er eit feilgrep og endrar formelt sett ikkje på noko. Skal ein endra på vedtaket frå det felles kommunestyremøtet må det baserast på legalitetsprinsippet (Dvs. lov, forskrift/sedvane må følgjast) Det kan virke som om Fellesnemda vil lura seg sjølv. Skal innhaldet i vedtaket endrast, MÅ saka tilbake til det organet som har fatta vedtaket, dvs. det FELLES kommunestyremøtet for dei 3 kommunestyra SAMLA.

3. Fellesnemda gjer i høringsuttalen utrykk for «føringar» kva dei ønskjer og vil. Det er lite objektiv formulert. Samstundes ber Fellesnemda kommunestyra driva med «saksbehandling» for å vega fordelar og ulemper til dei ulike tala på hovedutval. Her legg Fellesnemda for dagen ei grunnleggjande mangel på kunnskap. Det er jo nettopp Fellesnemda si oppgåve å utgreie/saksbehandle fram dei ulike momenta som krevs, men i tråd med forvalningslova, kommunelova, inndelingslova og intensjonsavtalen, ikkje kommunestyra enkeltvis..

Fellesnemda må ha ei forventning til seg sjølv til å ha stabil framdrift og demokratisk innsikt. Lukke til vidare i arbeidet !

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s