– Vil leggja ned utstillingsvindauge

Politikarane i Fjell slit med å få forelda si forståing for at det skal vera naudsynt å leggja ned Liljevatnet skule.

Anette Valen hadde mange spørsmål i samband med ei mogeleg overføring av elevane ved Liljevatnet til Brattholmen skule.

Nyaste barneskulen i Fjell vart opna i 2005 og har 108 elevar. I går var det folkemøte om framtida til skulen. I følgje rådmannen sitt forslag til endringar i skulestrukturen må Liljevatnet skule leggjast ned frå neste år. Tellnes skule skal leggjast ned dette året. Målet er å spara inn att noko av dei skatteinntektene kommunen har mista siste åra, mellom anna som følgje av redusert aktivitet i dei lokale offshoreverksemdene.

Les: Sparar Skålevik skule – kuttar i helse og omsorg

I politikarpanelet sat Marianne Sandahl Bjorøy (A), Tom Georg Indrevik (H), Anita Garlid Johannessen (FrP), Kristin Brennhaug (KrF), Marianne Rosenvold (SV) og Hege Misje (SotraLista).

Lite triveleg situasjon
Ingen av politikarane i panelet la skjul på at dei syntes situasjonen var lite triveleg. Ordførar Marianne Sandhal Bjorøy var med på å vedta å byggja skulen, tilbake i 1999. Ho var likevel ein av dei som sterkast forsvarte behovet for å leggja han ned no.

Då var ho i opposisjon. Situasjonen er annleis no. Som ordførar må ho sjå heilskapen, og balansera behova i skulesektoren mot andre behov, som barnevern og helse og omsorg for eldre, forsvara ho seg ovanfor ein far og partifelle i salen.

– Å leggja ned skular er noko av det mest krevjande ein politikar kan gjera, medgjekk Sandahl Bjorøy.

Marian Juuhl var den som tydelegast uttrykte skepsisen mot politikarane: Vi forstår dykk ikkje, hevda ho.

 

Det er for mange skular i Fjell, og dei er for lite effektive. I heile kommunen er det over 2.000 ledige skuleplassar, ifølgje Sandahl Bjorøy.

Politikarane hadde vore for redde til å ta tak i forrige runde med skulenedleggingar. Hadde dei gjort ein skikkeleg jobb i 2013, hadde denne situasjonen vore unngått, hevda varaordførar Tom Georg Indrevik.

Ingen nye argument
Det er lite å spara på å leggja ned Liljevatnet skule, knappe seks promille av Fjell sitt totale driftsbudsjett på 1,9 milliardar, hadde ein av fedrene i salen rekna ut.

For dei som har følgt med i media i skulesaka, hadde posisjonen sine politikarar ingen nye argument å bera fram, ifølgje FAU-leiar Knut Are Bjørdal.

Endra krinsgrensene
Mykje av årsaka til at nettopp Liljevatnet skule vert tilrådd lagt ned, er at utviklinga i elevtala har svikta, samanlikna med prognosane.

Fleire av foreldra i salen var skeptiske til kommunen sine framskrivingar av elevtalet:

Det skjer eit generasjonsskifte i området. Mange eldre vel å selja einebustadane sine og flytta til leilighet på Straume. 90 bustadar er under bygging eller planlegging i området. Inn flyttar barnefamiliane, hevda Pål Henrik Kvalsvik.

Brattholmen og Foldnes er mellom dei største barneskulane, ikkje berre på Litle Sotra, men i heile kommunen. Å justera krinsgrensene, til dømes i Arefjord og på Straume, er eit anna tiltak kommunen bør vurdera for å få opp elevtalet ved Liljevatnet, føreslo tidlegare FAU-leiar Per Magne Handegard, og fekk støtte frå Anita Garlid Johannesen (FrP).

Trafikk og uteareal
Det er enno ikkje avgjort om elevane frå Liljevatnet skal overførast til Brattholmen eller til Hjelteryggen. I mellomtida har engstelege foreldre og besteforeldre mange spørsmål dei gjerne vil ha svar på.

– Alle som vert overført frå Liljevatnet til Brattholmen vil ha rett til skuleskyss. Vert avstanden til busstoppet for lang, vil vi setja inn minibussar, lova Sandahl Bjorøy på spørsmål frå salen.

Utearealet på Brattholmen tilfredstiller ikkje krava, verken når det gjeld storleik eller aktivitetar. Slikt vert det lite trivsel av. Trivsel er viktig, også for læringa, vart det understreka.

Inviter oss på besøk!
Anette Valen var ei av dei som tok opp trafikksituasjonen utanfor Brattholmen skule. Manglande stoppsone og parkeringsareal gjer at foreldre som set av eller hentar ungar bidreg til at situasjonen vert uoversiktleg og farleg.

– Inviter varaordføraren og meg på besøk, så kan vi diskutera kva som kan gjerast for at Brattholmen skal verta betre. Det gjorde vi også på Kolltveit, og der klarte vi å koma fram til ei løysing, oppfordra Marianne Sandahl Bjorøy.

Rådmannen sitt forslag til endringar i skulestrukturen er ute til høyring. Freisten for å koma med innspel til planen går ut i dag.

-Høyringa er ein vits. Om posisjonen ikkje legg ned skulane, går budsjetta deira ikkje i hop, innvende Anita Garlid Johannessen.

-Eg lovar å lesa kvart einaste innspel, forsikrar Marianne Sandahl Bjorøy.

Utstillingsvindauge

– Liljevatnet skule kunne vore eit utstillingsvindauge for skulane i Fjell. Ein glimrande reklame for ein kommune som ønskjer å tiltrekkja seg barnefamiliar og skattebetalarar, hevda Pål Henrik Kvalsvik.

Kvalsvik nytta folkemøtet til å skryta uhemma av skulen der to av ungane hans går og der to andre går på kulturskulen.

Frå Straumsfjellet, der familien bur, er skulevegen kortare enn til Brattholmen. Det går gang- og sykkelsti heile strekkja. Ungane slepp kryssa riksvegen ein einaste gang. Tryggaste skulevegen i kommunen, utdjupar han.

Attpåtil møter skulen krava i den nye lærarnormen for alle klassar, hevda Kvalsvik.

– Liljevatnet er ein fantastisk skule. Han ligg rett over Sotrasambandet, med kort veg til Bergen. Skulen kunne vore eit utstillingsvindauge for skulane i Fjell. Ein glimrande reklame for ein kommune som ønskjer å tiltrekkja seg barnefamiliar og skattebetalarar. I staden vil dei legga han ned, sukkar Kvalsvik.

Advertisements

3 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.