Inviterer til årets strandryddeaksjon

Heile 25 organisasjonar har alt meldt seg på når «Arven etter plastkvalen», med Kenneth Bruvik i spissen inviterer til strandryddeaksjon i Rabbarosen neste veke.

Ingenting har som «plastkvalen» synleggjort det omfattande problemet med marin forsøpling.

Den døde kvalen utløyste ei omfattande rydding av strendene i fjor. I år vert aksjonane utvida med eit todagars arrangement med Sotra som utgangspunkt.

Inspirera til handling
Menneska sitt søppel får ikkje lenger drepa dyr og fuglar. Den tragiske hendinga må inspirera til handling og utløysa endring.

Bak «Arven etter plastkvalen» står meir enn 25 ulike organisasjonar, med mellom anna Naturvernforbundet Hordaland og Bergen og omland friluftsråd som tunge aktørar.

Du kan delta – sjå video med invitasjon

25. april inviterer arrangørane til strandryddeaksjon i Rabbarosen, på grensa mellom Fjell og Sund, på vestsida. Her vert du invitert til å kombinera opplevinga av Sotra-skjergarden med frivillig innsats. Dei som ønskjer det kan avslutta dagen i godt lag på Hissøyna.

Konferanse
Dagen etter vert det konferanse om marin forsøpling og kva vi kan gjera for å løysa utfordringane vi står ovanfor. Her lovar arrangørane foredrag om den globale situasjonen, praktiske tiltak og visjonar for framtida.

 

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.