Jensen sine spørsmål ikkje med på kommunen sitt Facebookopptak

Kan ein folkevald få så sterkt engasjement i politiske saker han sjølv tek opp at han bør erklærast inhabil? Kan ordførar nekta han å stilla spørsmål i saka?(Saka er oppdatert)

Kommunestyrerepresentanten Jann Alte Jensen (Dem) vart forsøkt erklært inhabil til å følgja opp ingterpellasjonssaka han sjølv reiste.

Den problemstillinga vart Jann Atle Jensen, Demokratane sin einslege representant i kommunestyret i Askøy, konfrontert med frå talarstolen i siste møte i kommunestyret.

Jensen er ein utrøytteleg interpellant. Med ein journalist si nase for å grava fram interessante poeng frå dokumentbunkane, og ein jurist sitt blikk for administrative og politiske formalia, køyrer han eit einsamt løp til og frå talarstolen i kommunestyret. Oftast får forslaga hans berre hans eigen stemme.

BDO-undersøking
Varselet hans om ein kommunal leiar si påståtte favorisering av eigen familie når offentlege kontraktar skulle tildelast, måtte kommunen likevel ta på alvor. Resultatet, så langt, er ein granskingsrapport frå revisjonsverksemda BDO med påstand om elleve brot på lovar og reglar, men som frikjenner den kommunale leiaren for dei mest alvorlege skuldingane.

Les: Granskingsrapporten er offentleg

Tidleg melde det seg kritiske røyster som påstod at BDO ikkje hadde fått fram heile sanninga. Kjelda hadde ein slik bakgrunn at ordførar Terje Mathiassen (A) meinte det var best å utsetja behandlinga av rapporten til denne nye informanten var intervjua.

Facebook
Før utsetjingsframlegget vart behandla av kommunestyret, var Jensen på talarstolen og ville fremma sitt eige forslag til utsetjingsvedtak. Her framsette han konkrete spørsmål som han meinar den nye undersøkinga bør gje svar på.

Askøy kommune streamar kommunestyremøta og legg ut på Facebook-sida si. Jensen sitt innlegg er ikkje med på Facebook-opptaket.

Diskusjonen om utsetjingsforslaget i kommunestyret utarta i staden til ein diskusjon om Jann Atle Jensen sin habilitet, og den kan du følgja på Facebook.

-Jensen er inhabil
Slett ikkje alle likte BDO-rapporten. Nett kva som var utslagsgjevande for Vigleik Stoveland (KrF), er usikkert. Då han gjekk på talarstolen var det for å prøva å få Jensen erklært inhabil.

– Departementet sine retningslinjer til forvaltningslova tilseier at dei som medverkar til å førebu ei forvaltningssak er inhabile. Folkevalde representantar vert omfatta av reglane, hevda Stoveland.

– Det undrar meg at Stoveland definerer dette som ei forvaltningssak. Dette er ei undersøking som ikkje skal føra fram til noko forvaltningsavgjerd, og som difor ikkje vert omfatta av forvaltningslova. Det undrar meg at Stoveland kan definera dette som ei forvaltningssak og gjera habilitetsreglane gyldige, innvende varaordførar Bård Espelid (AL).

– Saka gjeld BDO-rapporten, men her får vi definert at alle papira som er sendt ut i saka har med saksbehandlinga å gjera. Då er det blitt eit problem, utdjupa KrF-representanten.

Lovlighetskontroll
– Uansett kva som skjer, vil FrP i neste omgang krevja lovlighetskontroll. Om vi går for Jensen sitt forslag, er vi langt inn i inhabiliteten. Her deler eg Stoveland sitt syn, sa Roald Steinseide (FrP).

Jensen tok det med tilsynelatande ro:
-Her har vi fått ein rapport til politiske behandling, og eg har bedt om svar på nokre spørsmål. Om de meinar eg er inhabil fordi eg driv politikk i kommunestyret, er det interessant, og ei problemstilling vi snarast bør få ei avklaring på. Om problemstillinga har kome opp fordi eg har vore innkalla til samtale med BDO, er det ganske mange her som må fråtre, mellom anna rådmannen. Om det er det at eg har vore i kontakt med BDO, så får vi setja inn varaordføraren som ordstyrar. Eg vil difor gjerne vita på kva grunnlag eg er inhabil når dette ikkje er ei forvaltningssak der ein skal fatta vedtak, kravde Jensen.

Ikkje part i interpellasjonen
Eit komplisert og uoversiktleg spørsmål å greia ut på sparket, meinte kommuneadvokat Svein Gjesdal.

Om saka skal avsluttast med eit vedtak, bør ein vurdera habiliteten til dei som deltek i avstemminga, sa Gjesdal.

Ei vurdering av Jensen sin habilitet må ta utgangspunkt i kommunestyrevedtaket der rammene for BDO-undersøkinga vart fastslått. Sjølv om Jensen sin interpellasjon utgjer ramma, rettar undersøkinga seg mot ein annan person, kommunen sin administrasjon og eit eksternt firma. Jensen har fremma interpellasjonen. Han ikkje part i han, la Gjesdal til.

Rom for politisk meining
Det som skiljer denne saka frå ordinære forvaltningssaker, er at vi står ovanfor ein folkevald. I teorien er det lagt opp til eit betydelig rom for å uttrykka politisk meiningar utan å verta inhabil, starta Gjesdal si skjønnsmessige vurdering.

Fagleg eller politisk usemje med parten er normalt ikkje nok til å verta inhabil, ifølgje departementet sin rettleiar. Folkevalde har eit svært stort rom for å uttrykkja synspunkta sine, til dømes i media, utan å verta inhabile til å behandla saker om temaet.

Det at Jensen har vore intervjua av BDO, og dermed er del av det faktiske saksgrunnlag, kan vera eit moment. Samla vurdering, etter Gjesdal sitt syn, var likevel at det i dette tilfellet ikkje var snakk om inhabilitet. Det skal vera stort rom for uttrykkja politisk engasjement. Det går ei grense ein stad, men sterkt engasjement, og stor merksemd kring saka er ikkje nok til å verta inhabil, tolka Gjesdal.

Hadde Jensen vore tenestemann, hadde vurderinga vore annleis. Men det er kommunestyret som skal ta stilling til spørsmålet, understreka kommuneadvokaten.

Heller ikkje Arild Raftevoll (V) såg nokon grunn til å erklæra Jann Atle Jensen inhabil i denne saka.

Skapar historie
– Vi skapar heile tida historie. Om dette er måten å gå fram på for å prøva å stoppa kritiske politiske røyster, som berre har politiske motiv, ut frå eit politisk valprogram, kan vi få det ganske moro framover. Om eg er inhabil fordi eg har følgt eit valprogram, så er det interessant, men eg er fullstendig usamd, avslutta Jensen.

Jensen vart ikkje erklært inhabil av kommunestyret.

Ordførar Terje Mathiassen la heller ikkje fram utsetjingsforslaget hans til politisk behandling. Grunngjevinga var at forslaget inneheld spørsmål og kommentarar som går inn i realiteten i rapporten.

Utsetjingsframlegget til Jensen vert nemnt, men ligg ikkje ved i utkastet til protokoll for møtet. Det gjer derimot protokolltilførsel hans om at Demokratane vart nekta å leggja fram eit utsetjingsframlegg i saka.

Advertisements

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s