Når vinnaren tek alt

Korleis kan Bergensområdet verta ein vinnar i ei verd med aukande sentralisering, og der vinnarane tilsynelatande tek alt?

Richard Florida vert rekna som ein internasjonal guru innan samfunnsplanlegging. I dag vitja han Bergen.

Urbanisten, byforskaren og professoren Richard Florida vart verdskjent tidleg på 2000-talet for boka ”The Rise of the Creative Class”. Teoriane hans om korleis samfunn av unge, kreative personar kan revitalisera slitne og forslumma storbyar gav håp og inspirasjon til byar som utviklinga på ein eller anna måte hadde sprunge frå, så vel som til ambisiøse byutviklarar som ønskjer å etablera noko heilt nytt.

Den nye urbane krisa
Florida som no er professor ved University of Toronto, vitja i dag Bergen for å skapa blest om oppfølgjaren ”The New Urban Crisis”. Her tek han for seg kreativitet som drivkrafta i vår postindustrielle kunnskapsøkonomi, og dei innebygde motsetningane denne utviklinga fører med seg. Aukande økonomiske og sosiale skilnadar, er eit urovekkjande signal på at urbaniseringa ikkje er berre positiv, sett med hans auge.

Sjølv om Florida tek utgangspunkt i amerikanske tilhøve, er det godt mogeleg å trekkja parallellar til vår heimlege samfunnsutvikling.

Vinnaren tek alt
Stadig fleire av oss flokkar til byane. Ei handfull storbyar har utvikla seg til globale vinnarar, bygd på kreativitet og rask økonomisk vekst.

Men suksessen har ein pris. Gallopperande bustadprisar pressar stadig fleire ut frå sentrum og til forstadane. Ei utvikling tilsvarande den vi ser i Bergensområdet. Problemet, sett med Florida sine auge, er at dei som flyttar til forstadane ofte er dei med aller dårlegast økonomi.

– Vi ser ei endring i folk sine forventningar til bustad. Folk vil helst bu sentralt. Men dei ønskjer ikkje å bruka heile inntekta på å bu. Dei ønskjer ikkje store bustadar, men føretrekkjer små leilighetar. Når dei vel bustad vurderer dei i staden nærleik til gode offentlege kommunikasjonar, og til treningssenter. Eindel vel teknologi for å løysa utfordringane. I staden for å kjøpa, oppdagar stadig fleire fordelane med delingsøkonomien, seier Florida.

Kreativitet driv vekst
– Det er kreativitet, ikkje effektivitet som avgjer den økonomiske veksten, hevdar Florida.

Norge er ein av dei leiande kunnskapsnasjonane i verda. 43 prosent av arbeidstakarane er kunnskapsarbeidarar. Færre enn seks prosent er industriarbeidarar, har han rekna seg fram tid.

– Verksemder som verkeleg ønskjer å lukkast, bør flytta dit kreative personar ønskjer å bu, utfordrar han.

Slik vert det til at vinnarane tek alt. Det finst berre 10 – 15 slike verkeleg attraktive byar – i heile verda. Oslo er ein av dei, ifølgje Florida.

I Bergensregionen ser vi at nyutdanna ungdom forsvinn til austover. Korleis kan Bergensområdet verta meir attraktivt? Vart professoren utfordra av heimlege byutviklarar.

Fleire små husvære med rimeleg husleige, sentralt, kan vera eit verkemiddel. Offentlege støtteordningar kan vera eit anna. I bygget der Florida bur i New York, er til dømes 20 prosent av husværa tungt subsidierte.

-Den store utfordringa vert å laga eit inkluderande samfunn, seier Flordia.

Må vera autentisk
Omdømeprosjekt og marknadsføring vil ikkje kunna bidra til auka attraktivitet, skal vi tru professoren. Berre det som er autentisk, vil verta oppfatta som attraktivt. Det å utvikla ein attraktiv stad, vil difor krevja ei organisk utvikling over tid.

Stadar med samlingar av eit breidt spekter av kreative personar vil verka tiltrekkjande på andre i same situasjon. Nærleik til natur og adgang til naturopplevingar, som i Bergens-området, vil trekkja i same retning. Småbypreget i Bergen, og ein flyplass med direkteruter til internasjonale storbyar, er andre element som vil verta positivt motteke, ifølgje Florida.

Teknologi, talent og toleranse
Det er mange måtar å måla attraktivitet. Florida vart kjend for teorien om dei tre T-ane; graden av teknologiinnovasjon, mengda av talentfulle menneskje og toleranse.

Norge ligg godt an på professoren sin attraktivitetsskala: Vi er på 18. plass når det gjeld teknologi, ein 12. plass for utdanning og ein 9. plass når det gjeld toleranse.

Bergen skårar svært høgt når det vert spørsmål om utdanning; alle utdanningsinstitusjonane sikrar byen på ein 3. plass i Norge. Teknologiutviklinga skaffar oss ein 9. plass. Svakast er skåren for toleranse, her havnar vi heilt nede på ein 18. plass.

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.