– Tekniske problem gjorde at Jensen fall ut

Det var tekniske problem som gjorde at Jann Atle Jensen sitt innlegg med kristiske spørsmål ikkje er med på Askøy kommune sitt Facebook-opptak frå kommunestyremøtet.

Dag Folkestad
Kommunikasjonsjef Dag Folkestad i Askøy kommune beklagar at dei første ti minutta av siste kommunestyremøte ikkje er med på streaminga som er lagt ut på kommunen si Facebookside..

Det hevdar kommunikasjonssjef Dag Folkestad i Askøy kommune. Kommunen streamer kommunestyremøta direkte på Facebook. Kommunikasjonssjefen var sjølv ansvarleg for opptaket og sendinga frå kommunestyremøtet denne kvelden.

– Dette var sjølvsagt uheldig, beklagar Folkestad i ein epost til nettavisa Tunnelsyn.no

10 minutt
– Det var ein annan brukar pålogga utstyret vi sender med. Dermed måtte eg logga han ut, logga meg inn, og så starta sendinga. Dermed er kanskje dei 10 første minutta ikkje med på streaminga, forklarar Folkestad.

Heller ikkje to minutt frå møtet etter pausen kom med på streaminga. Det skuldast, ifølgje Folkestad, at det tek nokre minutt å starta opptaket.

-Ikkje mogeleg å endra
Når streaminga er ferdig, vert opptaket lagra automatisk på Facebook. Det er altså ikkje mogeleg å endra den opprinnelege fila. Det som er sendt direkte, er det du kan sjå i opptak, på Faceboook, ifølgje Folkestad.

– Eg skal jobba for at teknikken ikkje sviktar i starten av sendinga neste gang, lovar kommunikasjonssjef Dag Folkestad i Askøy kommune.

Advertisements

1 Comment

  1. Ikke overaskende at når kommunene «unnskylder» seg med en «glipp», da mener de mest sannsynlig at deres mangel på kompetanse er stort sett synlig. «Se til Fjell Kommune» og ta lærdom av deres forvaltning om hvordan det ikke bør gjøres.

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.