103 organisasjonar skal bli 32 – AP protesterer mot nye AS

Gjennom samanslåingar, avvikling og sal skal 103 kommunale organisasjonar, samarbeid og partnarskap i Fjell, Sund og Øygarden bli 32 i Nye Øygarden.

Ønskjer ikkje nye aksjeselskap for kommunale eigedomar, næringseigedom og næring- og utvikling i Nye Øygarden. Marianne Sandahl Bjorøy la inn protokolltilførsel på vegne av Arbeiderpartiet.

Intensjonen har vore å få ein så slank, effektiv og funksjonell kommuneorganisasjon i Nye Øygarden som mogeleg, med færrast mogeleg einingar og optimal demokratisk styring, ifølge Atle Dåvøy (KrF) som har leia eigarskapsutvalet sitt arbeid. Sist veke fekk han tilslutning frå fleirtalet i Fellesnemnda til forslaga i sluttrapporten.

Arbeiderpartiet sine representantar la inn protokolltilførsel, mellom anna mot etableringa av tre nye aksjeselskap.

Rapporten skal no på høyring i dei tre kommunane.

Fem føretak
Dei kommunale hovudaktivitetane i det som i dag er Fjell, Sund og Øygarden skal samlast i fem nye føretak.

FjellVAR AS og Sund VA AS skal fusjonera til det nye kommunale aksjeselskapet ØyVAR AS, som skal ha ansvar for veg, vatn og avløp. Eventuelt også for renovasjon. Her vert det ein opning for å fortsetja med ekstern leverandør, slik som i dag.

Brann- og redningstenestene, som i dag er samla ei interkommunal verksemd, vert føreslege omdanna til eit kommunalt føretak, med namnet Øygarden brann og redning KF.

Økonomisk berekraft?
Forvaltninga av kommunale bygg som skular, barnehagar og omsorgsbustadar skal samlast i det nye kommunale føretaket Øygarden eigedomsforvaltning KF, alternativt som ei kommunal eining, tilrår fleirtalet i Fellesnemnda.

Kva som skal skje med bustadane som vert eigde av Fjell Bustadstifting er usikkert, då stiftingslova ikkje tillet samanslåing eller overtaking av andre føretak.

Protokolltilførsel
Mindretalet i eigarskapsutvalet, og i Fellesnemnda, Arbeiderpartiet sine tre representantar, meinar ei organisering av dei kommunale eigedomane som eiga verksemd, utanfor sjølve kommuneadmistrasjonen, er lite berekraftig økonomisk.

Før endeleg vedtak bør det gjerast ein gjennomgang av dei økonomiske føresetnadane for eit eige selskap, krev Arbeiderpartiet:

– Selskapet må finansierast med rammetilskot eller husleige frå kommunen, noko som vil være en betydelig pott, skriv Marianne Sandahl Bjorøy i ein protokolltilførsel til vedtaket.

Om eit eige føretak for kommunale eigedomar vert avgrensa til sjukeheimar og barnehagar, kan Arbeiderpartiet likevel gå med på det.

Styrka næringssatsing
Nye Øygarden skal styrka satsinga på næring, tilrår fleirtalet i Fellesnemnda. Ei satsing som vert føreslege gjennomført gjennom etablering av to nye aksjeselskap, eit for næringseigedom og eit for næringsutvikling.

Det nye aksjeselskapet Øygarden næringseigedom AS er tenkt å skulla stå for forvaltninga av det som i dag hovudsakleg vert utgjort av Øygarden kommune sine eigarpostar i CCB Kollsnes AS og Naturgassparken Vest AS. Dei få kaiane som framleis er i kommunal eige bør også inn her, vert det tilrådd.

Svekka handlefridom
Selskapet er tenkt å skulla driva med aktiv utvikling av næringseigedom og kjøp og sal av strategiske eigedomar, og konkurrera i den opne marknaden.

– Å leggja strategiske tomteareal til eit aksjeselskap svekker kommunen sin handlefridom og evna til å handle raskt når det trengs, innvender Arbeiderpartiet sine tre medlemmar i Fellesnemnda.

Uoversiktleg eigarskap og lite styring
Nye Øygarden skal vera eit fyrtårn for næringsutvikling, står i intensjonsavtalen. Det kan best gjerast ved å etablera eit eige AS, der kommunen går inn som majoritetseigar saman med private og eventuelt andre offentlege aktørar, tilrår eigarskapsutvalet. Satsingane mot mellom anna Etablerarsenteret, Grunderparken Vest og Gode Sirklar er tenkt å skulla styrast gjennom Øygarden næring- og utvikling AS.

Organiseringa bryt med mandatet om best mogeleg politisk styring i dei nye verksemdene, hevdar Arbeiderpartiet i protokolltilførselen.

– Eigarskapet i selskapet er uoversiktlig, Korleis politikarane skal få innflytelse her stiller eg eit stort spørjeteikn ved. I eit slikt selskap som dette vil nye Øygarden kanskje ha eitt styremedlem, og vil være ein av mange, hevdar Marianne Sandahl Bjorøy.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.