Askøy kommune frigjev sentral Jensen-dokumentasjon

Ryktene, lekkasjane og hemmelegheitskremmeriet kring innkjøpa til teknisk avdeling vart for mykje for Askøy kommune. Etter påtrykk frå mellom anna nettavisa Tunnelsyn frigjev kommunen sentrale delar av Jann Atle Jensen sin dokumentasjon som til no har vore hemmelegstempla.

Ved å legga Jann Atle Jensen sitt avviste framlegg i kommunestyret som vedlegg til protokollen, frigjev Askøy kommune samstundes sentrale delar av dokumentasjonen som ligg til grunn for Jensen sine påstandar om ulovlege innkjøp gjort av teknisk avdeling.

Store delar av kommunestyrerepresentanten Jann Atle Jensen (Dem) sin opphavelege interpellasjon om kritikkverdige tilhøve i samband med innkjøp til teknisk avdeling vart stempla ”unnateke offentlegheit” av rådmann Eystein Venneslan alt før saka kom opp i kommunestyret.

Les: Askøy-leiar skal granskast for korrupsjon

Bak lukka dører
Påstandane om ulovlege innkjøp og brot på habilitetsreglane har vore ubehageleg for Askøy kommune. Formannskap og kommunestyre har drøfta saka bak lukka dører, og det har vore gjort fleire forsøk på å leggja heile saka død.

Seinast i siste kommunestyremøte nekta ordførar Terje Mathiassen Jensen å leggja fram eit forslag med konkrete spørsmål den folkevalde meinar kommunen bør ha svar på før saka kan seiast å vera avklart. Revisjonsverksemda BDO, som har utarbeida granskingsrapporten på vegne av Askøy kommune, bør ta desse spørsmåla med i ein tilleggsrapport, krev Jensen.

Les: Granskingsrapporten er offentleg

Ny protokoll
Jensen sine spørsmål vart heller ikkje lagt ved det første utkastet til protokoll for kommunestyret som vart sendt ut sist veke. Nettavisa Tunnelsyn omtalte forsøka på å bringa Jensen til taushet sist onsdag:

Les: Jensen sine spørsmål ikkje med på kommunen sine Facebook-opptak

I dag sender Askøy kommune ut eit nytt utkast til protokoll. Her er Jensen sine spørsmål vedlagt i form av eit 40 sider langt dokument.

For første gong har publikum høve til å setja seg inn i og gjera seg opp ei meining på sjølvstendig grunnlag om innhaldet i dokumenta som ligg bak Jensen sine påstandar.

Direkteinnkjøp til 11 millionar
Her finn vi og ei sak frå Utval for Teknikk og miljø i 2012 som BDO ikkje har vurdert i granskingsrapporten, ifølgje Jensen.

I saksutgreiinga tilrår Ivar Ådlandsvik, dåverande fagsjef for kommunalteknikk, at verksemda til ein nær slektning får tildelt eit større oppdrag utan offentleg anbod.

Oppdraget omfatta oppgradering av den kommunale slamavskiljaren med tilhøyrande leidningsnett på Fauskanger og vart kostnadsrekna til 11 millionar kroner.

Askøy kommune vedtek kjøpet som eit tillegg til kontrakten dei tidlegare hadde inngått på rørarbeid i tilknyting til oppgraderinga av Fauskanger barne- og ungdomsskule.

Verksemda som på denne måten får tildelt oppdraget er Bergen Rørteknikk AS, som vert eigd av nære pårørande til fagsjef Ådlandvik.

Då Bergen Rørteknikk AS ikkje hadde nokon rammeavtale med Askøy kommune, må kjøpet betraktast som eit ulovleg direkteinnkjøp til ein verdi som langt overgår den dåverande terskelgrensa på 500.000 kroner, ifølgje Jensen.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.