-Ver så god, ta ei bok med deg heim!

Klassikarar, krim og bollar stod på menyen då Fjell folkeboksamling inviterte til verdas bokdag.

– Eit genialt tiltak, synes Elisabeth Lohne Antonsen (tv) om å få utvida den heimlege boksamlinga gjennom Fjell folkeboksamling sitt tilbod «kassert, men ikkje kasta» på verdas bokdag. Gro Lygre Petersen byr på bøker og bollar.

Verdas bokdag er innført av UNESCO og vert markert den 23. april kvart år. Ved Fjell folkeboksamling markerte dei dagen ved å gje vekk bøker og servera bollar sponsa av Urtemakeriet.

– Genialt tiltak
”Kassert, men ikkje kasta” er eit lokalt initiativ der biblioteket freistar finna nye eigarar til bøker som biblioteket har fleire eksemplar av, eller som er utdaterte. Tiltaket vert støtta av Nasjonalbiblioteket.

Tilbodet i år var variert. Det var mest skjønnlitteratur det gjekk i, men og barnebøker, krim og eindel tidsskrift, fortel Gro Lygre Petersen ved Fjell folkeboksamling.

– Eit genialt tiltak. Eg elskar lukta av bøker, seier Elisabeth Lohne Antonsen som tilfeldigvis stakk innom og nytta høvet til å sikra seg ein roman av Margareth Atwood.

Flittig brukar
Lohne Antonsen sin familie er flittige brukarar av biblioteket. Saman med Fjell kulturskule står biblioteket for ein vesentleg del av familien sitt kulturtilbod.

Stort pluss at biblioteket ligg så sentralt midt i Sartor Senter, tenkjer Lohne Antonsen.

Cora Sandel
Då biblioteket opna klokka 11, var det kø rundt bokkassane. Dei ”beste” tilboda gjekk nok då, men enno var det mykje interessant å finna. Då nettavisa Tunnelsyn var innom kjempa klassikarar som Cora Sandel og Victor Hugo framleis med moderne krimforfattarar som Jussi Adler-Olsen om å få verta tekne med heim. Jan Kjærstad var der, han og.

Bøker som ikkje går med i dag, kan publikum sikra seg dei neste dagane, lovar Petersen, i forvissing om at det er stort spenn i fjellsokningane sin litterære smak.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s