Ein kulturpolitikar fyller 70

Vigleik Stoveland kom inn i Askøypolitikken i 1992 for å jobba for eit kulturhus. Held han ut ein periode til, kan det vera han ser målet verkeleggjort.

Formannskapet i Askøy feira Vigleik Stoveland med blomar, dikt- og sitatlesing.

Den pensjonerte rektoren og musikkskuleleiaren har vore aktiv i politikken i Askøy i ein mannsalder. I denne perioden representerer han KrF både i kommunestyret og i formannskapet.

Fredag 27. april fyller Stoveland 70 år.

– Ein samarbeidets mann, oppteken av samhandling og kommunikasjon, rosa ordførar Terje Mathiassen (A) då formannskapet i dag feira jubilanten med blomar og diktlesing.

Kultur, og musikkskulen spesielt, har alltid vore ei hjertesak. Fleire av dei yngre representantane i kommunestyret har gode minner frå musikkundervisninga til Stoveland. Siv Høgtun (H) har i dag ingen sorger for at han eingong råda henne vekk frå ein karriere som fiolinist.

70 år er ingen alder. Når musikken vert for søvndyssande tyr Stoveland til ekstremsport. Sjå nøye på andletet under hjelmen neste gong du held på å verta feia overende av ein syklist i kondomdrakt. Det kan vera den spreke 70-åringen frå Erdal.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.