CO2-fangst og lagring – større enn olja?

CCB Kollsnes vil vera sentral i starten på ei nasjonal satsing på CO2-fangst og lagring. I ein dagsfersk rapport skisserer Sintef kor mange nye arbeidsplassar som kan koma ut av ei slik satsing.

Sintef sitt mest optimistiske scenario for storskala CO2-fangst og lagring si betydning for talet på nye norske arbeidsplassar innan 2050.

Rapporten industrielle mogelegheiter og arbeidsplassar ved storskala CO2-handtering, er utarbeida av Sintef på oppdrag frå interesseorganisasjonane NHO, LO, Fellesforbundet, Norsk Industri, Norsk olje og gass og Industri Energi.

Rapporten tek for seg potensialet i perioden fram mot 2050, og må lesast som ei oppfordring frå dei seks interesseorganisasjonane om at Norge må satsa på å gjennomføra eit fullskalaprosjekt for CO2-fangst og lagring.

CCB Kollsnes
Statoil, Shell og Total har vedteke å leggja eit mottaksanlegg for mellomlagring av CO2 frå norsk industri til CCB Kollsnes. Sjølve fangsten av klimagassen vil skje ved store industrianlegg på Austlandet. Derifrå skal CO2-gassen skal fraktast hit i komprimert form med båt.

Les: CO2-mottaksanlegg til CCB Kollsnes

Prosjektet vil kunna resultera i opp mot totalt 5.000 årsverk direkte knytta til prosjektet. Dei fleste av desse vil koma i Norge, ifølgje Sintef.

I den fireårige byggeperioden vil det vera behov for kring 650 årsverk årleg. I driftsfasen vil det vera behov for nærare 100 årsverk årleg i ein 25-årsperiode. Ringverknadar vil bidra til å dobla talet på årsverk, anslår Sintef.

Tre scenarier
CO2-fangst og lagring (CCS) vert rekna som eit sentralt tiltak for at Norge skal nå klimamåla vi har forplikta oss til i Paris-avtalen. Teknologien sitt miljøvenleg potensiale er likevel svært lite utnytta førebels, i Norge og internasjonalt. Sintef har utarbeida tre alternative scenarier for kva ei internasjonal storsatsing på CCS-teknologi, med Norge i front, kan koma til å bety for norsk industri og norske arbeidsplassar.

Naturtilhøva ligg godt til rette. Havbotnen i Nordsjøen har vist seg veleigna til lagring av CO2. Norsk kontinentalsokkel har 40 prosent av den samla lagringskapasiteten i Nord-Europa. Fleire europeiske land utreier no CCS-alternativet. Saman med Storbritannia har vi grunnlag for å kunna utvikla CCS til ein ny storindustri, ifølgje Sintef.

70.000 arbeidsplassar
Storskala fangst og lagring av CO2 i Europa vil kunna gje inntil 70.000 nye arbeidsplassar berre i Norge fram mot 2050, konkluderer Sintef i sitt mest optimistiske scenario.

Det er først og framst prosessindustrien som vil kunna veksa på ei innføring av CCS-teknologi. Inntil 20.000 av dei nye arbeidsplassane vil koma innan CO2-handtering. Vel vi å gå for hydrogenproduksjon frå naturgass med CO2-handtering, vil det kunna skapa ytterlegare 17.000 nye jobbar.

CO2-fangst og lagring vil i tillegg kunna styrka konkurranseevna i ei rekkje ulike næringar, først og framst offshorenæringa, rederi og sjøfart. Eksport av norskutvikla CCS-teknologi vil også kunna gje arbeid til mange.

Medrekna ringverknadane kan talet på nye arbeidsplassar koma opp i 70.000. Dei nye arbeidsplassane vil fordela seg med halvparten innan fangst, 20 prosent innan transport og 30 prosent innan lagring, ifølgje Sintef sine prognoser.

Ein forsiktig start
Prosjektet som vert planlagt på Kollsnes representerer i denne samanhangen den spede starten på eit lavutnyttingsscenario. I det første prosjektet som fangar CO2 frå norsk prosessindustri og avfallshandtering vert det lagt opp til å lagra inntil 1,4 millionar tonn CO2 årleg.

I global samanhang vil prosjektet ved CCB Kollsnes vil verta lite. Dei 22 anlegga som alt er i drift, eller under bygging i andre land, vil fanga og lagra totalt 38 millionar tonn CO2 årleg. Dessutan er 15 anlegg under planlegging, med eit samla lagringspotensiale på 27 millionar tonn årleg.

Satsinga på Kollsnes vil krevja milliardar i statlege subsidiar for å kunna sjå dagens lys, ifølgje kvalitetssikringsrapporten som vart levert tidlegare i år.

Les: Negativ K2-rapport om CO2-fangst

Satsinga på CCB Kollsnes skal endeleg godkjennast av Stortinget våren 2019.

Advertisements

1 Comment

  1. Ikke glem månelandingen på Mongstad. Masse dyrt skrap der. Det finnes rapporter som er mer balanserte enn denne fremstillingen. Så skal jo gjerne CO2 regnskapet være i favør av lagring da?
    Hvor stor er gevinsten? Hvor mye C02 dannes ved alle tiltakene for å få anlegget på plass og drifte det?

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.