Kommentar: Det mest misbrukte ordet

Planleggjarane ser ikkje at innbyggjarar, tilflyttarar, politikarar, grunneigarar, utbyggjarar og dei sjølv vil ha svært ulike oppfatningar av kva som må til for å gjera ein stad som Straume ”attraktiv”.

Evig anleggsplass. Ikkje før er det eine utbyggingsprosjektet ferdig, før eit nytt vert starta. Arkivbilete.

Folkeveksten i Bergensregionen er synkande, samanlikna med dei optimistiske tala prognosemakarane nytta for berre få år sidan.

Les: Norgeshistoriens mest kostbare marknadsplan

Fjell sikra folkeveksten i fjor, men i Hordaland går nettoinnvandringa ned. Netto innanlands tilflytting går ned. For andre året på rad har Hordaland fylkeskommune måtta redusera prognosane for framtidig folketalsvekst.

Krevjande
-Framtidsbiletet er krevjande. Vi er usikre på korleis vi skal lesa desse tala. Sidan det er dei unge som flyttar ut, går snittalderen i fylket opp, seier Bård Sandal, fylkesdirektør for regional utvikling i Hordaland. Sist fredag innleia han fylkeskommunen sin konferanse om vegen mot attraktive regionsentre.

Mange faktorar påverkar folkeveksten. Ein variert tilgang på arbeidsplassar og bustad er sentrale vilkår som må vera oppfylt skal vi få unge, nyutdanna til å velja Bergensregionen framfor Oslo eller Trondheim, er det semje om.

Les: Når vinnaren tek alt

Kva er attraktivt?
Å utvikla attraktive regonsentre, er svaret for å snu utviklinga, ifølgje Hordaland fylkeskommune. Men kva er eit attraktivt regionsenter?

Det felles byutviklingsprosjektet for Fjell, Os, Meland og Lindås er nett avslutta. Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy i Fjell har vore leiar for styringsgruppa.

– Det er mange tankar om fortetting i regionsentrene. Vi treng ein diskusjon med utbyggjarar og planleggjarar om kva fortetting bør vera, og kva type bustadar vi skal ha, seier Sandahl Bjorøy.

Å setja av areal til parkar, grøntstruktur, møteplassar og leikeplassar vil vera viktig for trivselen. Men kven skal betala for dei grøne områda? Kommunen? Skal det offentlege og utbyggjarane dela kostnadane? Å ta slike tiltak med å rekkefølgjekrava inneber at verkeleggjeringa av planane vil ta lengre tid enn vi er villig til, seier Sandahl Bjorøy.

– Tilgang til natur, sjø og friområder er noko av det som gjer oss attraktiv. Fjell har utruleg mykje å by på, legg Sandahl Bjorøy til.

Les: Kommentar: Det er berre å knipsa med fingrane…

Langsiktig plan – mangeårig anleggsplass

Inntrykket som møter besøkjande til Straume i dag. Planane i seg sjølv er ikkje nok til å gjera Straume til eit attraktivt regionsenter. Men det er lov å håpa at Straume vil vert ein attraktiv stad når Kystbyen ein gong i framtida står ferdig.

At politikarane vedtek ambisiøse planar som dei veit det vil ta 10, 20, kan hende 30 år å realisera, framstår kan hende som attraktivt for ein utbyggjar. Han får etterlengta langsiktighet og vil kunna byggja i takt med marknaden sin etterspørsel og tilgangen på finansiering.

For ein innbyggjar derimot, eller ein tilflyttar, vil utsikten til å måtta bu på ein anleggsplass i så mange år framstå som svært lite attraktivt. Ikkje før er det eine prosjektet ferdigstilt før det neste vert starta. Resultatet vert ein kvardag der innbyggjarane må leva og bu mellom anleggsmaskiner, med midlertidig stengde vegar, omkøyringar, støy, støv og sprengningar i kan hende fleire tiår. Kven vil vel oppfatta eit slikt nærmiljø som attraktivt?

Misbrukt
Nøyaktig når er det at eit regionsenter vert attraktivt? Er det det å ha vedtekne planar som avgjer? Vi vil ikkje kjenna svaret før Kystbyen står der, fullført. Enn så lenge er det lov å håpa.

Tanken er at både innbyggjarar, men særleg næringslivet, skal finna planane attraktive, seier Sandahl Bjorøy. I juni vil ho drøfta tankane frå byutviklingsprosjektet med utbyggarane i Straume-området.

Er det i det heile mogeleg å planleggja eit regionsenter som vil foreina planleggjarar, politikarar, grunneigarar, utbyggjarar, innbyggjarar og tilflyttarar sine oppfatningar av kva som er ein attraktiv stad?

”Attraktiv” må vera det mest misbrukte ordet i det norske språket.

Advertisements

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.