Manglar 800 millionar til Askøypakken

Skal alle vegprosjekta i Askøypakken kunna realiserast, må det sendast ny søknad til Stortinget for å sikra finansieringa av dei siste 800 millionane.

Oppussinga av Rundetårnet har redusert kontorkostnadane for kvar av dei 12 prosjektmedarbeidarane med 29.000 kroner årleg, hevdar prosjektleiar Cathrine Botnevik i Askøypakken. Ho vil gjerne ha fram det positive i prosjektet.

Stortingsvedtaket frå 2013 tilseier at Statens vegvesen kan nytta vel 1,7 milliardar kroner til å realisera dei tolv delprosjekta som ligg inne i Askøypakken. Av dette skulle heile 72 prosent, eller 1,25 milliardar kroner, hentast frå bilistane. Resten, 470 millionar, skulle finansierast av Hordaland fylkeskommune, ifølgje statusoppdateringa prosjektleiar Cathrine Botnevik i Statens vegvesen haldt for formannskapet i Askøy denne veka.

Les: Krev full gjennomgang av pengebruken i Askøypakken

To år seinare avdekka Vegvesenet sin gjennomgang av planane at sluttsummen frå 2013 var kraftig undervurdert. For å gjennomføra delprosjekta som Askøypakken omfattar, vil det vera behov for i underkant av 2,2 milliardar kroner.

Les: Kan det henda her?

Bompengesvikt
Færre bilar forbi bomstasjonane enn prognosene tilsa, kombinert med mange el-bilar som ikkje betalar, bidreg til at bompengeinntektene har svikta. Utviklinga så langt indikerer at ein vil få inn 280 millionar kroner mindre i bompengar enn det budsjettet legg opp til, ifølgje Botnevik.

Statens vegvesen førebur no ein ny finansieringssøknad til Stortinget for å henta inn restfinansieringa. Inntil den er vedteken, vonaleg våren 2019, er utbetringa av Fv 562 Fauskanger sør og Fv 562 Fromreide – Kjerrgarden sett på vent.

Opnar til sommaren

Lindhaugen – Slettebrekka vert planlagt opna denne sommaren.

Så langt er det brukt 291 millionar kroner, ifølgje statusoppdateringa.

Største enkeltinvesteringa er oppgraderinga av Fv. 212 Lindhaugen – Slettabrekka som vil verta ferdig denne sommaren, og har kosta 80 millionar kroner.

Grunnavståingar og innløysing av i alt åtte bustadhus langs dei planlagte veganlegga har teke delar av midlane.

Rundetårnet
Når det gjeld kritikken mot oppussinga av kontorlokala i Rundetårnet på Kleppestøkaien, har Botnevik ingen problem med å forsvara tiltaket. Ved å investera 909.000 kroner til oppussing har Statens vegvesen spart prosjektet for 29.000 kroner i årleg kontorleige for kvar av dei 12 medarbeidarane, ifølgje rekneskapen til Botnevik.

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.