Øygarden og Fjell framleis raud sone hos NAV

Arbeidsløysa går ned, men Øygarden og Fjell toppar framleis NAV sin ledighetsstatistikk i Hordaland.

Den positive utviklinga til trass, Øygarden og Fjell har framleis den høgaste arbeidsløysa i Hordaland.

Medan talet på heilt ledige og personar på tiltak i fylket ligg på 3,5 prosent, er 85 heilt ledige og 27 på tiltak nok til å bringa arbeidsløysa i Øygarden opp i over 5 prosent.

I Fjell vart det registrerte 98 færre ledige i april. 509 heilt ledige og 134 personar på tiltak bidreg likevel til å bringa arbeidsløysa i kommunen opp i over 4 prosent.

Ei overvekt av dei som no får jobb har utdanning og kompetanse innan ingeniør- og IKT-faga. Svakast stiller dei som har vore ledige i meir enn to år, ungdom under 25 år og personar over 60 år, ifølgje ei pressemelding frå NAV.

NAV varslar at dei no vil trappa ned tilbodet om tiltak til arbeidsledige.

Totalt er det no 1.394 registrerte arbeidslause i dei fire kommunane vest for Bergen.

Heilt ledige april På tiltak Sum
Sund 107 38 145
Fjell 509 134 643
Askøy 411 83 494
Øygarden 85 27 112
 Totalt 1.112 282 1.394
Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.