Diskuterte skulenedlegging for tom sal

Resignerte foreldre haldt seg vekke då fleirtalet av politikarane i Komité for drift og forvaltning stemte for nedlegging av Liljevatnet og Tellnes skular.

Foreldreengasjementet, folkemøta og høyringsrunden om nedlegginga av Liljevatnet og Tellnes skular fekk ingen effekt. Ikkje uventa vart dagens diskusjon i Komité for drift prega av at fleirtalet i Høgre og Arbeiderpartiet for lengst hadde bestemt seg for nedlegging. Med seg hadde dei fått KrF og Miljøpartiet.

Les: – Vil leggja ned utstillingsvindauge

Vedtak før utgreiing

Det einaste Andreas Sjalg Unneland (SV) fekk konstituert rådmann Lillian Torsvik og komiteleiar Ernst Morten Einarsen med seg på, var spørsmålet om korleis komiteen burde stemma over forslaga.

Denne siste runden i kampen om skulestrukturen i Fjell har vore ein prosess der den eigentlege avgjerda vart teken i budsjettdebatten i fjor haust. Utgreiinga har skjedd i ettertid, hevda Andreas Sjalg Unneland (SV).

SV-representanten ser behovet for innsparingar i den kommunale drifta. Han ville likevel sjå skulenedleggingane i eit vidare perspektiv:
-Nedlegginga av dei to nærskulane vil ikkje vera til barnas beste, argumenterte Unneland. Han fremma difor forslag om at sakene måtte sendast tilbake til rådmannen, for enno ei utgreiing.

Unneland gjentok også argumenta for at skulestrukturen i denne runden bør sjåast i samanhang med kommunesamanslåinga.

Komplisert reknestykke

Både Hege Misje (SL) og Ingunn Stenehjem (FrP) var skeptisk til skulenedlegginga.

Hege Misje (SL) forstod ikkje reknestykka til konstituert rådmann Lillian Torsvik.
– Kostnadane vert ikkje vekke sjølv om skulen vert lagt ned. Elevane er der framleis, og lærarane skal ha løn. Liljevatnet skule skal også driftast framover, slik ho oppfatta det.

Torsvik tilrådde i innstillinga at elevane ved Liljevatnet skal overførast til Brattholmen, og elevane ved Tellnes skule skal sendast til Skogsvåg i Sund.

Saman med skulesjef Wilhelm Anglevik har Torsvik finrekna på innsparingar og kostnadar. Dette er eit komplisert reknestykke med mange faktorar, og som ikkje er så lett å forstå, medgjekk ho.

Ingen nye klassar
Formannskapet i Sund stemte nyleg for å ta mot elevane frå Tellnes utan å krevja noko ekstra betaling frå Fjell, ifølgje Torsvik. Rådmannen i Fjell har god tru på at det også vil verta fasit når saka kjem opp i kommunestyret.

På Brattholmen er det såpass få elevar i kvar klasse at elevane frå Liljevatnet kan verta innplasserte på sitt klassetrinn utan at det vert behov for å oppretta nye klassar.

Skulevegen frå Valen og Tona må imidlertid reknast som så farleg at kommunen vil få ekstra kostnadar til skuleskyss, medgjekk Torsvik.

Til anna budsjett
Sidan nyaste skulebygget i kommunen framleis skal vera i drift, vil kommunen framleis måtta bera kostnadane. Skilnaden er at kostnadane heretter verta belasta budsjetta for kulturskule og barnehage i staden for skulebudsjettet. Slik vil kommunen ha oppnådd målsetjinga om å redusera kostnadane per elev i grunnskulen, supplerte komitéleiar Ernst Morten Einarsen (H).

Forslaga frå Andreas Sjalg Unneland fekk tre røyster; SV, SL og FrP. Komiten si innstilling til kommunestyret neste mandag vert difor å leggja ned både Liljevatnet og Tellnes skular. Tellnes skal leggjast ned frå hausten av. Liljevatnet frå neste haust.

Advertisements

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.