– No gjeld det å gjera dei rette prioriteringane

Under Bergen City Marathon avslørte Rune Lid seg som ein habil stafettløpar. Det mange no spør seg er korvidt den nytilsette assisterande rådmannen i Nye Øygarden vil freista å avansera til den administrative toppleiarposisjonen før 1.1.2020?

– Nokon sprang eg frå, andre sprang forbi meg, oppsummerer Rune Lid innsatsen på stafetten under Bergen City Marathon.

Då Paul J. Manger forlot prosjektleiarstillinga for Nye Øygarden på dagen etter eit halvt år, overtok Rune Lid (51) stafettpinnen. Fellesnemnda tilsette rådmannen i Sund som assisterande rådmann for Nye Øygarden. Fram til då held han fram som rådmann i Sund, men med eit ekstra ansvar for å sikra framdrifta i kommunesamanslåingsprosessen saman med sine kollegaer i Fjell og Øygarden.

Nettavisa Tunnelsyn.no møtte Rune Lid til eit eksklusiv intervju på Skjenet. Her skal han i tida framover ha kontortid måndagar og fredag etter lunsj.

Prioritera rett
Kva lærdom Lid trakk av forgjengaren sitt brotne løp ønskjer han ikkje å kommentera:
– Det viktigaste var å sikra kontinuiteten. No har vi halvanna år att til 1.1.2020. Om Nye Øygarden hadde vore utan prosjektleiar i eit halvt år, hadde det vore kritisk for framdrifta. Då hadde det vore noko som ikkje vart ferdig i tide, seier han.

Hovudutfordringa i første omgang vert å danna seg eit bilete av alt som må vera på plass til 1.1.2020. Å gjera dei rette prioriteringane. Noko er viktigare enn anna. Å få felles datasystem i dei tre kommunane er noko av det som hastar aller mest å koma i gang med. Særleg systema for helse og omsorg er viktig å få på plass, seier Lid.

– ”Halve” Kommune-Norge er i gang med dei same prosessane som oss. Tida er knapp, og om vi ventar for lenge, kan det henda at IKT-leverandørane ikkje har kapasitet til å hjelpa alle innan fristen, fryktar han.

– Det gjeld å sikra leveransane. Å allokera dei rette ressursane til rett tid og til rett prosjekt. Personalkabalen får vi ta etterkvart. Dei som skal bidra skal jo skjøtta sin daglege jobb utanom. Noko vert vi nøydde til å leggja vekk, for å få nok kraft på dei prioriterte prosjekta, konstaterer han.

Erfaring med endring
Med 2.600 tilsette og eit budsjett på oppunder tre milliardar kroner vert Nye Øygarden ein av dei aller største arbeidsplassane i Hordaland, har Lid rekna ut.

Storleiken skremmer ikkje. Noko støy vil det alltid verta i slike store samanslåingsprosessar, har Rune Lid erfart. Før han kom til Sund, har han mellom anna vore økonomisjef i HSD, med arbeid med fusjonen med GAIA. Han har og røynsle med andre fusjoner og oppkjøp frå tida som økonomisjef i BKK-systemet, og i Tide-konsernet.

– Eg har erfaring frå store endringsprosessar. Eg stiller ikkje uførebudd, smiler Lid.

– I kombinasjon med Siri Fahlvik Pettersen og Lillian Torsvik sin lange kommunale erfaring, kan dette verta veldig bra, legg han til.

Lid og administrasjonen si oppgåve vert å sikra leveransane. Det er politikarane som bestemmer. Dei trekkjer rammene.

Sjølv opplever han det administrative handlingsrommet som tilstrekkjeleg stort:

– Vi er tre kommunar. Noko gjer vi likt, andre ting gjer vi ulikt. I ein slik situasjon gjeld det å finna fram til beste praksis. Alternativt finna nokon som gjer same oppgåve på ein anno betre måte, eller gjera tinga på ein heilt ny måte, seier han.

Ein kommune som fungerer
Som siviløkonom er Lid oppteken av effektivisering. Å ha god økonomisk styring er viktig. Då får du også oversikt over ressursbruken. Noko som i neste omgang kan bidra til rette prioriteringar og rett pengebruk.

Samstundes vert det viktig å tenkja nytt. Store mogelegheitar kan opna seg ved å leggja til rette for digitalisering, er den komande assisterande rådmannen i Nye Øygarden overtydd om.

– Det aller viktigaste vert å byggja ein ny kommune som fungerer for innbyggjarane. Skal vi kunna leva opp til forventningane
er vi nøydd til å frigje ressursar frå administrasjon til operative tenester, hevdar Lid.

– Det vert stilt stadig større krav til økonomien i offentleg sektor. Kommunane er nøydde til å ha orden i eige hus. Nye digitale verktøy vil hjelpa til å frigje ressursar, er Lid overtydd om.

– Innbyggjarane forventar at kommune-Norge vert meir moderne, konstaterer han.

Skatteetaten er døme på ei offentleg verksemd som ligg i front når det gjeld å ta ut gevinstar frå bruk av IKT, slik han ser det.

Digitalisering
Det digitale samarbeidet med Bergen og dei andre kommunane i Bergensregionen vil leggja til rette for erfaringsutveksling på tvers. Bergen kommune har gjort mykje bra arbeid som grannekommunane no får anledning til å trekkja vekslar på. Samarbeidet vil også sikra at kommunane får like løysingar ut mot sluttbrukarane, noko som vil vera ein fordel til dømes for foreldre som vil søkja barnehageplass i ein annan kommunen enn den dei bur i, tenkjer han.

– Digitaliseringa vil koma med stor fart også innan offentleg sektor. Krava til endring vil verta store, slik dei har vore i næringslivert siste tiåra.

– Eindel vil nok oppleva situasjonen som uvant, men folk er jamnt over positive til å prøva nye ting, hevdar Lid.

Loddefjord
Rune Lid vaks opp i Loddefjord, på 1970- og 1980-talet. Lenge før John Olav Nilsen og gjengen gjorde drabantbyen landskjent med ”5071 Loddefjord”. Dette var tiår der den nyetablerte drabantbyen i Bergen vest var hovudverken til det lokale politiet. At Rune Lid skulle ta vegen til NHH, var difor langt frå sjølvsagt, sett frå utsida. Sjølv forstår han ikkje problemstillinga:

– Loddefjord var ein fin stad å veksa opp, på 1970- og 1980-talet. Eg har mange gode minner derifrå, smiler han.

Framleis er Lid solidarisk med barne- og ungdomskameratane som kom skeivt ut:
– Ikkje alle var like heldige med dei heimane dei kom frå, men det har heldigvis gått bra med dei fleste, understrekar han.

I vaksen alder har han ikkje flytta lenger vekk enn at han framleis har god kontakt med Loddefjord-miljøet. To av dei fire ungane bur framleis heime, og pappa lever opp til forventingane om frivillig engasjement ved å vera med i styret for både musikkorpset og Loddefjord Idrettslag.

– Å sjå Lyderhorn er viktig, hevdar Lid, sjølv om det vert lengre mellom toppturane no enn tidlegare. Jobben tek for mykje tid, sukkar han.

Som ung var han ein habil trombonist.
– Den hobbyen har eg ambisjonar om å ta opp att, seier han.
Det hender han låner trombona til dottera, når trongen til å la fanfarene hjalla vert for overveldande.

– Nei, det vert ikkje eg som skal spela Nye Øygarden inn, smiler han.

Stafettløparen

Kreftene haldt til ein sluttspurt inn mot veksling.

Under Bergen City Marathon i helga deltok Sund kommune med to lag på stafetten. Rune Lid sprang 5. etappen for administrasjonen og avslørte seg som ein habil stafettløpar. At han hadde krefter att til ein spurt heilt på tampen av den 1263 meter lange etappen hjelp likevel lite. Han kom inn til veksling ved Svartediket nærare halvtimen bak dei første.

– Nokon sprang eg frå, andre sprang frå meg, oppsummerte han innsatsen, lett andpusten, etter fullført etappe. Ei oppsummering som også kan nyttast om Team Sund Kommune sin innsats.

Jobben som assisterande rådmann i Nye Øygarden er sikra. Det mange no spør seg er korvidt Lid seier seg nøgd med det, eller om han kjem til å søkja på toppleiarstillinga som prosjektrådmann, når ho vert utlyst.

Sjølv berre smiler han, hemmelegheitsfull:
– Du får lesa søkjarlista, når ho vert offentleggjort i august.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s