1. mai – med hjarta på venstre sida

Jørn Eggum i Fellesforbundet markerte 1. mai i Fjell med å erklæra støtte til dei konkursramma produksjonsarbeidarane i Norse Production. Lokale AP- og SV-toppar glimra med sitt fråvær.

Fjell Faglege Forum og LO Bergen og omegn hadde henta inn forbundssekretær Jørn Eggum i Fellesforbundet som hovudtalar under 1. mai-markeringa i Fjell.

Kampen mot aukande sosiale skilnadar og sosial dumping var hovudtema for 1. mai-talen til forbundssekretær Jørn Eggum i Fellesforbundet i rådhuset i Fjell.

Bak arrangementet stod Fjell Faglege Forum og LO i Bergen og omland.

Norse Production
Leiinga i Norse Production og Sekkingstad si handteringa av dei polske produksjonsarbeidarane framheva Eggum som skrekkeksempel på korleis arbeidstakarar ikkje skal behandlast.

Les: Norse Production på Skaganeset melder oppbud

Eggum oppfordra dei tilstadeverande om å støtta dei konkursramma arbeidarane økonomisk.

Fagforeiningsleiar Krysztof Jedlikowski takka for støtta på vegne av dei no arbeidslause arbeidarane:

Takka for støtta til produksjonsarbeidarane som har mista jobben på Skaganeset, fagforeiningsleiar Krysztof Jedlikowski.

– Denne kampen gjeld ikkje berre dei tilsette i Norse Production. Han gjeld norske arbeidstakarar flest. 64 arbeidarar, alle fagorganiserte, har mista jobben på Skaganeset. Dette er sosial dumping, hevda Jedlikowski.

Tek aldri slutt
– Vi kjempar for at vanlege folk skal ha det bra. At dei skal kunna leva eit liv der dei treff sine eigne val. Velferdsstaten er vår viktigaste siger, men dette er ein kamp som aldri tek slutt, sa Eggum før han tok pause for applaus frå salen.

Dei sosiale forskjellane aukar, også i Norge, noko som uroar Fellesforbundet. Eggum nytta høvet til å markera behovet for ei sterkare regulering av bemanningsbransjen som han meinar konkurrerer ut jobbane til fagutdanna.

– Vi må unngå ei utvikling der flinke fagfolk mistar trua på framtida, oppfordra Eggum som sjølv er utdanna gullsmed og som har teke til orde for det mange vil meina er ei radikalisering av Arbeiderpartiet.

Grasrotrøyrsle
Eit 60-tals personar frå Fjell, Sund og Øygarden hadde funne vegen til Fjell rådhus i anledning 1. mai-markeringa.

Den lokale arbeidarrøyrsla vert boren fram av grasrota, avslørte deltakinga. Av dei lokale AP- og SV-toppane var det berre Jogeir Sognnæs frå Sund som hadde funne tid til å delta.

Det formelle delen av samlinga vart avslutta med ståande framføring av ”Internasjonalen”.

Advertisements

9 Comments

  1. Eg er leiar for SV sitt lokallag i Fjell og eg var på 1. mai arrangementet i Kultursalen. Det er mogleg at eg ikkje er ei som gjer så mykje ut av meg, men eg er leiar for lokallaget og vararepresentant for SV i kommunestryret. Dessutar var det fleire frå AP sin kommunestyregruppe i Fjell tilstades. Eg har vore tilstades på desse arragementa kvart år dei siste fire åra (men uten navnelapp eller andre kjennemerke).

    Vennleg helsing

    Marianne Rosenvold

    Likar

    1. Sveinung Vethe som er leiar for Øygarden Arbeiderparti var også tilstades. Kva skal til for vere blant dei lokale AP og SV toppane? Er det riks eller fylkesnivå som tel?

      Likar

      1. Med «lokale partitoppar» tenkt eg på dei som frontar AP og SV i lokale media (og i den lokale politikken). Med andre ord Marianne Sandahl Bjorøy, Espen Harkestad, Aud Karin Oen og Andreas Sjald Unneland.
        Noterte meg at både du og Sveiung Vethe var tilstade, men eg var ikkje klar over at de er valt til partileiarar. Her har de tydelegvis ein jobb å gjera med å tre fram i rampelyset…

        Likar

    2. Eg skjønner kva du meiner, men kanskje formuleringa «Av dei lokale AP- og SV-toppane var det berre Jogeir Sognnæs frå Sund som hadde funne tid til å delta,» var litt upresis. Din definisjon av «lokale SV og AP toppar» burde vore meir presis, og det kunne vore nemt at det var fleire deltakare frå begge lokallaga på arragementet.
      At eg kan vere meir framme i rampelyset kan du ha rett i, men det tek ikkje mykje arbeid og tid for å finne ut kven som er leiar i dei ulike lokallaga. Eg brukte mindre enn fem minutter på å søke opp kven som er den nye leiaren i Øygarden AP siden eg var litt usikker på etternamnet hans. Dersom du tenkjer på til dømes Andreas, er det slik at han blir tildelt andre oppgåver, men vi tenkte at det var geit å fordele oss litt (vi er ikkje så frykteleg mange). Eg følte av mange ulike årsakar at det var naturleg at eg var der, og eg meiner det var viktig at Fjell SV var til stades.

      Likar

  2. Hei.
    Eg skjønar ikkje kvifor du dreg inn ytringsfridom i denne saka, det har ingenting med saka å gjera. Eg oppfatta at eg som Sv topp i Vest vart sett i eit negativt lys fordi eg ikkje var tilstades på det omtalte arrangementet i Fjell rådhus. Eg gav tilsvar på det og forklarte kvifor og kva. Men det er ikkje mykje å laga styr om.

    Likar

  3. Når du skriv lokale Sv toppar glimrar med sitt fråvær, er det ikkje positivt. Eg skulle gjerne ha vore der og, men det let seg ikkje gjera å vera fleire stader på ein gong. Då må eg svara for meg! Eg sender deg appellen min. Der er og arbeidarane på Sekkingstad nemnt.

    1.mai tale Bergen Sv

    Ein indianer sat og snakka med barnebarnet sitt. Han sa:
    I alle menneske sitt hjarta er det to ulvar som sloss. Den eine er ond. Den er sint, truande , misunneleg, sorgtung, arrogant, sjølvoppteken, overlegen, full av løgn og egoisme.
    Den andre er god. Den er glede, fred, kjærleik, leik, ro, audmjukheit, velvilje, empati og tillit. 
    Kva ulv vinn? spurte barnet
    Den du forar, sa den gamle mannen.

    Slik er det med politikken og kameratar. Det er dei politiske kreftene som er sinte, truande, misunnelige, arrogante, sjølvopptekne, overlegne, full av løgn og egoisme som for tida vert fora. Fora med at velferdsstaten er truga av desse med anna hudfarge og religion, ja, dei er sågar farlege. Derfor sender me dei attende til krig og naud, eller til gata i Paris. Om det trengs brukar staten væpna politimakt for å henta sovande familiar frå kyrkjeasyl. Me må slutta å fora denne ulven!

    Det er mange ulvar som vert fora jamnleg av høgresida. Profittulven til dømes. Den hentar pengar frå vanleg folk si lommebok, frå barnehageborn, frå hardt arbeidende kvinner sin pensjon og arbeidsvilkår, frå polske arbeidarar på Sekkingstad som ikkje lengre er lønsamt med norske tariffavtalar og frå gamle på sjukeheimen. Dei hentar den til skatteparadis og til ein økonomisk elite med sugerør i ned i velferdskassen vår. Derfor skal me ta kampen for heile faste stillingar og mot lausarbeidarsamfunnet. Sv skal kjempa for omsorg, ikkje butikk.

    Mistillitsulven vert fora jamnt og trutt med at arbeidsmenneske må kontrollerast og målstyrast. Jo, fleire skjema og stoppeklokker, jo betre! Den prøver og å få vanlege arbeidsmenneske til å la væra å sei frå når noko er hakkane gale i skule, barnehage, sjukehus, politi og barnevern. Dersom ikkje dei som jobbar der skal fritt få ytra seg, har mistillit og knebleulven vunne.

    Forskjellsulven er forkledd i skatteletteham, han fortel at dei fattige vert motivert av mindre pengar og dei rike av meir. Men dei fattige borna vel ikkje foreldra sine og derfor skal Sv styrkja barnetrygda.

    Det er ein ulv til eg må nemna, det er bagatelliseringsulven. Han fortel kvinner at det ikkje er noko å ta på veg for om du får obskøne SMS ar, av maktmenn på hyttetur eller vert seksuelt trakassert, det er no berre slikt menn alltid har vore og litt må ein tola. Det er ei fornerming mot dei fleste menn og eit rått maktmisbruk mot alle kvinner.

    Den egoistiske, sjølvopptekne og arrogante ulven er i ferd med å få overtaket kameratar. Det er berre solidaritet, audmjuke og tillit som kan stoppa den. Det er oss, det. For om ikkje me gjer det, gjer ingen det. Derfor kameratar må me kvar einaste dag kjempa for at denne ulven vert dreven attende. Me må tenna eit stort bål som lyser opp i natta og helt dei unna. Me skal fyra bålet med glede, fred, kjærleik, leik, ro, audmjukheit, velvilje, empati og tillit!

    For dei jagar i flokk og prøver skilja ut dei svakaste for å setja dei opp mot einannan. Det er derfor me er her dag, for å syna høgrekreftene at me står saman, at me har reidskapene, viljen og krefter og at me tek kampen for dei mange, ikkje for dei få.

    Gratulerer med dagen!

    Likar

    1. No er det nesten så eg ikkje trur det eg les! Skal lokale media berre skriva positivt? (Og er det no så negativt å skriva at nokon ikkje var til stade?)

      Var såvidt innom Facebooksida til Bergen SV, som du føretrakk å tilbringa dagen saman med. Der ser eg at dei nett har underteikna eit opprop til støtte for ytringsfridomen for lærarar. Tolkar deg slik at ytringsfridomen ikkje held så langt som til journalistar. Diverre er den haldninga eit aukande problem, også her i Norge.

      Har uansett valgt å publisera appellen din, nettopp fordi eg meinar at det i nettavisa Tunnelsyn skal vera rom for stemmer med ulik bakgrunn, partitilhøyrighet – og ikkje minst – meiningar.

      Likar

  4. Hei
    Eg likar ikkje måten du omtalar dei politikarane som ikkje deltok! Eg kan berre svara for meg sjølv, og eg var og held apell på Bergen Sv sitt arrangement før eg gjekk i tog. Gratulerer med dagen!

    Likar

    1. Kva meinar du med «måte», Aud Karin Oen?

      I saka vert det berre nemnt at dei lokale AP- og SV-toppane glimra med sitt fråvær. Er det det som er så gale? At det vert nemnt at dei ikkje var tilstade?

      1. mai vert rekna som arbeidarrøyrsa sin festdag. Fjell hadde fått ein av dei nasjonale toppane i fagrøyrsla til å halda innlegg. Då var det påfallande at berre ein av dei leiande lokale politikarane med tilknyting til partia på venstresida hadde tid til å høyra på han.

      ps. Tenkte ikkje spesielt på deg! Ein slik dag bør du vera glad for at fagrøyrsla framleis har mange tilhengjarar og mange lokale arrangement å velja mellom.

      Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.