Millionar til innovasjon i kommunane

2,9 millionar til Askøy og 1,25 millionar til Fjell. Men ingen fekk pengar til digitalisering.

Både Askøy og Fjell får skjønsmidlar frå Fylkesmannen i Hordaland til fornying av barnevernet.

Det vart resultatet av fylkesmannen i Hordaland si tildeling av skjønsmidlar til fornyings- og innovasjonsprosjekt i kommunane dette året.

Totalt delte fylkesmannen ut 13,6 millionar kroner til 24 søknadar i denne runden. Det kom inn 55 søknadar om til saman 63 ,9 millionar kroner. Dei tildelte midlane er spreidde på ei heil rekkje fagfelt.

IKT på vent
Digitalisering er eitt heitt tema i Hordalandskommunane om dagen. Meir enn halvparten av den samla søknadssummen dreide seg om IKT-tiltak. Totalt mottok fylkesmannen elleve søknadar om 34 millionar kroner i tilskot til IKT. Den store interessa gjer at fylkesmannen har lagt tildelinga av midlar til IKT-tiltak på vent. Istaden lovar han ein ny søknadsrunde, med 5 millionar kroner i potten.

Barnevern
Tre av Askøy sine seks innsende prosjekt passerte nålauga hos fylkesmannen i denne søknadsrunden. Kommunen fekk innvilga nær 40 prosent av det dei hadde søkt om.

Resultatet vart at Askøy no får to millionar kroner i statleg støtte til etablering av barnevernsvakt i Hordaland, 400.000 til framtidsretta psykisk hjelp og 500.000 kroner til kollektiv,- gange- og sykkel-tiltak i Askøyprogrammet, og vidare utgreiing av Fjordbybanen.

ROS-analyse
Fjell fekk klaff med tre av sine fem søknadar, men kommunen fekk berre innvilga 20 prosent av beløpa det vart søkt om.

Fjell får 400.000 til etablering av vertskommunesamarbeid innan barnevern, 400.000 til integrering av flyktningar gjennom arbeid og 450.000 til ROS-analyse i Knarrevik.

122,5 millionar totalt
Midlane som vert tildelt no kjem på toppen av dei 91,5 millionane som fylkesmannen tidlegare i år har fordelt i skjønnsmidlar til kommunane i Hordaland. Framleis står det att 17,4 millionar kroner for tildeling i år.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s