Åtvarar mot OPS-samarbeid

Store forseinkingar, undervurderte kostnadar og overvurderte brukarinntekter karakteriserer OPS-prosjekta EU sin revisjonsrett har granska.

A1 gjennom Spania er ein av dei motorvegane som er delfinansiert med EU-midlar. Illustrasjon Google Maps.

Stortinget har vedteke at det nye Sotrasambandet skal gjennomførast som eit offentleg – privat samarbeid.

Les: OPS-status forseinkar Sotrasambandet

Offentleg – private samarbeid er meir vanleg i EU enn i Norge. Stikk i strid med EU sin offisielle politikk om å fremma offentleg – privat samarbeid, går EU sin revisjonsrett no ut og åtvarar mot å inngå fleire slike samarbeid under dagens regelverk.

Få fordelar
Offentleg – privat samarbeid, til dømes om store vegprosjekt, har omfattande manglar og få fordelar, konkluderer revisjonsretten etter å ha granska 12 vei- og IKT-prosjekt der EU-midlar inngår i finansieringa.

Dei 12 prosjekta som ligg til grunn for rapporten er lokalisert i Frankrike, Hellas, Irland og Spania, og hadde ei samla offentleg finansiering på 29,2 milliardar euro.

Svekka forhandlingsposisjon
Ved å inngå eit OPS-prosjekt kunne styremaktene etablera store infrastrukturar på ein einkel måte. Samstundes auka risikoen for ufullstendig konkurranse, og styremaktene sin forhandlingsposisjon vart svekka, ifølgje rapporten.

Forseinkingar
Forhandlingane omfattar typisk detaljar som ikkje inngår i tradisjonelle anbodsutlysingar. Som eit resultat vart tredelen av dei 12 prosjekta ramma av betydelege forseinkingar alt i anbodsfasen.

Forseinkingane auka på å konstruksjonsfasen. Sju av ni gjennomførte prosjekt opplevde forseinkingar, på inntil fire år, ifølgje rapporten.

Kostnadssprekk
Dei fem motorvegane som var med i undersøkinga hadde ein kostnadssprekk på i snitt 20 prosent.

Les: Manglar 800 millionar til Askøypakken

Særleg ille var det i Hellas. For dei tre reviderte vegprosjekta auka kostnadane per kilometer med inntil 69 prosent, samstundes som omfanget av prosjekta vart redusert med inntil 55 prosent.

Finanskrisa, kombinert med dårleg prosjektplanlegging frå det offentlege og forhasta kontraktsarbeid, var hovudårsaka, ifølgje revisjonsrapporten.

Overdrivne brukarprognoser
– Det store omfanget, dei høge kostnadane og den lange varigheten for typiske offentlig – private infrastruktursamarbeid stiller store krav til varsemd. Likevel viste det seg at dei forutgåande analysene var basert på overoptimistiske scenarier om bruken av den planlagte infrastrukturen, skriv revisjonsretten.

Bruken av IKT-prosjekt viste seg å liggja heile 69 prosent under overslaga. For motorvegar ligg dei faktiske brukartalet 35 prosent under prognosene.

Alternativa ikkje utgreidd
-OPS-alternativet vart valt utan det var gjort nokon samanliknande analyse av alternative løysingar. Det vart difor ikkje påvist at OPS-alternativet var det som gav mest valuta for pengane og verna det offentlege mot risiko, hevdar EU sin revisjonsrett.

Last ned EU sin revisjonsrapport

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.