Gjestekommentar: Fellesnemnda og politisk lapskaus

Om Fellesnemda av ulike grunnar vil endra noko enkeltpunkt i intensjonsavtalen, kunne dei be dei tre kommunestyra om å reforhandla intensjonsavtalen.

Av Bjarte Sangolt

I den seinare tid har eg med interesse sett korleis Fellesnemda har jobba med kommunereforma lokalt. Formålet med reforma er m.a. å sikra at det i framtida vert auka medverknad og større politisk oppslutnad lokalt. I tillegg skal visstnok reforma gjera det einklare å engasjera seg politisk. Håpet er at lokalsamfunna i framtida skal bli meir levande og inkluderande lokaldemokrati.
Det er krevjande for dei folkevalgte i forkant å forstå konsekvensane av dei vedtak dei gjer. På den andre sida er det ei plikt for dei folkevalgte å ha visjonar dvs. ha politisk teft til å sjå inn i framtida og vera proaktiv. Ikkje handla på etterskot eller bli bakoverlent.
For å få dette til må innbyggjarane utan blygsel kunne sjå politikarane inn i kvitauga, ikkje berre under valkampen, men i heile valgperioden.
Strukturen i kommunelova er utforma slik at folkevalgte har fått tildelt politisk makt og fullmakt basert på grunnleggjande tillit.
Fellesnemda har på sett og vis fått tildelt makt og mynde på same vis, i kraft av forvalningslova, kommunelova, inndelingslova, intensjonsavtalen og reglementet for Fellesnemda. Dei folkevalgte har utført eit formidabelt arbeid under tidspress. Ein må vera open for at feilvurderinger, men ein kan ikkje akseptera feil som er utført med viten og vilje.
Fellesnemda har openbart ikkje heilt lukkast i prosessen sin den siste tida. Prosjektleiaren slutta på dagen. Dei  har forsøkt etter beste evne å korrigera sin eigen kurs, men kursen som dei no har sett går i heilt feil retning. Den siste tida er fellesnemda på veg inn på eit alvorleg demokratisk blindspor.
Eg vil liste opp dei punkt som eg vurderer kor Fellesnemda samla sett går i feil retning:
– Me vert snart ein «storkommune» kor dei politiske utfordringane står i kø. Auka deltaking og oppslutning om dei felles lovpålagte oppgåvene må prioriterast. Då MÅ dei folkevalgte legge til rette for at enkeltpersonar frivillig blir folkevalgt og er villig til å ta på seg oppgåver. Fellesnemda gjer i ord og handling utrykk for det motsatte:
– I møte den 11.12.2017, i strid med kommunelova pgr. 32 nr. 2, satte leiar av nemda ei sak på sakslista, utan dette gjekk fram av innkallinga på førehand til same møte.
– Til overmål i same møte, etter at saka urettmessig var sett på sakskartet, kunngjorde leiaren at ho bad om tilsluttnad om at Fellesnemda kunne bryte mandatet sitt. Mandatet er gjeve i vedtak etter fullmakt frå dei 3 kommunestyra i møte den 21.6.2017 i kraft av inndelingslova og intensjonsavtalen (pkt 6).
– Kommunal forvaltning er underlagt legalitetsprinsippet. Dvs. alle avgjerder i ulike organ som fattar sine vedtak må vera forankra i medhald av lov og/eller forskrift og gjennom lovleg fatta vedtak.
Sitat frå om inndelingslova: «Reglane i kommunelova om val og saksbehandling i folkevalde organ gjeld elles tilsvarande.»  Kva heimel har Fellesnemda til å bryte dette prinsippet?
– Fellesnemda vil redusera talet på hovedutval frå 4 til 3 eller 2. Nemda vel i realiteten på objektivt grunnlag å bryte intensjonsavtalen som er gjeve i medhald av inndelingslova. I tillegg tek dei avgjerd om å sende saka ut på høyring til dei einskilde 3 kommunestyra, noko dei same kommunestyra allereie har teke stilling til i intensjonsavtalen av 7.3.2016.
Her har Fellesnemda med viten og vilje sett demokratiet til side.
Er dette eit objektivt brot i medhald av inndelingslova?
– Om Fellesnemda av ulike grunnar vil endra noko enkeltpunkt i intensjonsavtalen, kunne dei be dei 3 kommunestyra om å reforhandla intensjonsavtalen, men det er mest truleg ikkje aktuelt. For det kunne ha blitt altfor krevjande å la saka gå fleire rundar internt. Kanskje måtte ein ny reforhandla intensjonsavtale sendast ut på høyring til innbyggjarane. Nei, innbyggjarane vil ein helst ikkje ha noko med å gjera….»so då får da bli som det blei….»
– Intensjonsavtalen ligg fast, like eins inndelingsloven og dei andre bindande fullmaktene.  At Fellesnemda med viten og vilje går ut over sine fullmakter i intensjonsavtalen og sender den til høring, endrar formelt sett ikkje på noko, bortsett frå at tilliten til Fellesnemda blir svekka.
– Dersom dei tre kommunestyra vel å ta høringssaka opp til realitetshandsaming, vil det medvirka til at dei same kommunestyra på same måten blir ein del av denne politiske blindvegen:
Dei tre kommunestyra blir ført bak lyset av det som Fellesnemda no har laga «politisk lapskaus» av.
– I saksutgreiinga til kommunestyret i Fjell saknr. PS 24/2018 den 7. 5.2018 er det openbart at det ligg politiske «føringar» slik saka er utforma. Formuleringar og vurderingar som tek utgangspunkt i kommunereforma som t.d. intensjosavtalen og inndelingslova er fråverande.
Høyringssaka er ikkje forsvarleg administrativ utgreidd i tråd med forvaltningslova, noko rådmannen og ordføraren har ansvar for. Rådmannen legg saka fram uten innstilling, men likevel gjer rådmannen «skryt» til Fellesnemda under si vurdering. Er vurderinga ei objektiv saksopplysning ? Denne saksutgreiinga står i sterkt i kontrast til saksutgreiinga til kommunestyremøtet den 21.6.2017 sak PS 46/2017.
– Eg er spent på om korleis Fellesnemda i framtida vil handsama ev. tre ulike høringssvar frå kommunestyra, opp mot dei fullmakter som framleis ligg føre.
Vil Fellesnemda i framtida leva i den tru at dei kan gjere kva dei vil, utan å ta omsyn til overordna føringar?
Bør innbyggjarane i den nye Øygarden kommune framleis ha tillit til Fellesnemda?
Spørsmåla er høgst relevante og det handlar om korleis politikarane forvaltar tilliten på vegne av innbyggarane.
Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.