Liljevatnet-foreldre leverer motrapport på overtid

– Det er openbart uheldig at innbyggjarane i Fjell må ty både til advokatar og rekneskapsførarar for å få fram synspunkta sine, men i denne saka er det heilt naudsynt.

Forelda ved Liljevatnet skule har mobilisert mot nedlegging heilt frå planane vart kjend. Her er oppmøtet utanfor rådhuset då Komite for drift og forvaltning første gong drøfta saka i februar.

FAU ved Liljevatnet skule har i dag lagt fram ein rykande fersk motrapport til rådmannen si tilråding om å leggja ned skulen. Rapporten er utarbeida av konsulent- og rekneskapsverksemda Amesto.

Freisten for å koma med merknadar til forslaget om å leggja ned Liljevatnet skule gjekk ut 16. april, dagen etter folkemøtet.

-Høyringsfreisten var altfor kort tid til å få utført ein skikkeleg gjennomgang av økonomien i forslaget, hevdar FAU.

Les: – Vil leggja ned utstillingsvindauge

Mangelfullt reknestykke
– Amesto slår fast at administrasjonen sitt reknestykke er så mangelfullt at det ikkje er forsvarlig som vedtaksgrunnlag, konstaterer Bjarte Alræk i FAU ovanfor nettavisa Tunnelsyn.no.

Forslaget om endringar i skulestrukturen kom opp i samband med kommunestyret si handsaming av budsjettet for 2018. Amesto slår fast at ei nedlegging av Liljevatnet skule ikkje vil få økonomiske konsekvensar for Fjell-økonomimen i år, truleg heller ikkje i skuleåret 2019 – 2020.

– Rapporten viser at det er nok av postar i kommuneøkonomien der det er mogeleg å gjera større innsparingar enn i skulesektoren, seier FAU-representanten.

– Det er sterk kost når eit velrenommert føretak som Amesto frårår kommunestyret å treffa avgjerder på det grunnlaget som er lagt fram, konkluderer Alræk.

Ikkje anna val
Konsulentutgreiingar er kostbare. I svært mange tilfelle får difor det offentlege, eller ein pengesterk aktør, sine synspunkt lov til å dominera nyhendebiletet. Berre unntaksvis hender det at ”folk flest” tyr til konsulentverksemder for å underbyggja saka si.

Les: Alternativ plan for Kleppestø

– Vi hadde ikkje noko anna val enn å få ein uavhengig, ekstern aktør til å gjennomgå saksgrunnlaget. FAU har gjentekne gongar, både på eiga hand og via advokat, bede administrasjonen om å utdjupa reknestykka, men dei nektar faktisk å svara. Dei hevdar berre at saka er tilstrekkjeleg opplyst, udjupar Alræk.

Lokaldemokratiet i Fjell er under press. Ein sterk posisjon, med Høgre og Arbeiderpartiet, nyttar det knappe fleirtalet til å tvinga gjennom sine standpunkt, ofte til trass for heftige protestar, både innanfor og utanfor kommunestyresalen.

Les: – Ein unødvendig maktdemonstrasjon

– Vi har forståing for at dei folkevalde har mange saker å setja seg inn i på kort tid, og at dei difor i stor grad må stola på det saksgrunnlaget dei får frå administrasjonen. Denne saka viser likevel at det til tider går for fort i svingane, og at politikarane framleis må ha ei kritisk tilnærming til den informasjonen dei får presentert, seier Alræk.

-Les rapporten
– Det er openbart uheldig at innbyggjarane i kommunen må ty både til advokatar og rekneskapsførarar for å få fram synspunkta sine, men i denne saka var det heilt naudsynt. Det viktigaste for oss er ikkje å ”ta” nokon i administrasjonen, men å sikra at avgjerdene vert tekne på rett grunnlag, grunngjev Alræk FAU ved Liljevatnet skule sitt desperate tiltak for å sikra skulen ungane deira går på.

No håpar FAU at politikarane i Fjell vil ta seg tid til å lesa Amesto-rapporten før kommunestyret skal ta endeleg avgjerd i saka førstkomande måndag.

Motstanden mot nedlegginga av Liljevatnet og Tellnes skule har heile tida vore stor, også i det politiske miljøet.

Les: Diskuterte skulenedlegging for tom sal

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s