Kommentar: Den føreseibare politikken

Tellnes skule skal leggjast ned frå sommaren. Liljevatnet skal avviklast som skule frå neste sommar. Og kommunestyret i Nye Øygarden skal berre ha to hovudutval i tillegg til formannskapet.

Dei mange elevane og foreldra som hadde håpa på eit mirakel i siste minutt når det gjaldt planane om å leggja ned Tellnes og Liljevatnet skular vart skuffa. Ingen overraskingar. Posisjonen hadde ingen kort gøymt i ermet til møtet i kommunestyret i Fjell i dag. Begge sider argumenterte godt for sine standpunkt. Begge nedleggingane vart vedtekne med 26 mot ni røyster (SotraLista, FrP og SV).

Les: Lang debatt – harde frontar

Innbyggjarane har fått sagt sitt, men dei vart ikkje høyrt. Argumenta berre prella av hos posisjonen.

I samsvar med tilrådinga
Fleire av dei som har følgt med på Fellesnemnda for Nye Øygarden sitt arbeid har stilt spørsmål ved korvidt Fellesnemnda har fullmakt til å endra på det dei tre kommunestyra har vedteke i intensjonsavtalen. Leiarane for Fellesnemnda meinar dei har løyst situasjonen ved å senda framlegget til ein politisk styringsstruktur med berre to hovudutval, istaden for fire som intensjonsavtalen legg opp til, ut på høyring til kommunestyra.

Ikkje heilt uventa vart vedtaket i kommunestyret i store trekk i samsvar med tilrådinga frå Fellesnemnda. Her var fleirtalet 25 mot 10 røyster (FrP, SotraLista og V).

Glitrande retorikarar
Debattane har etter mitt syn teke seg opp i kommunestyret i Fjell den siste tida. Dei har avslørt at kommunen har mange dyktige retorikarar som glitrar med finslipte og nøye balanserte innlegg og replikkar.

På tvers
Dei poltiske skiljelinene er tydelege. Tidvis øynar vi likevel konturane av ein politikk som ikkje berre speglar motsetningane mellom posisjon og opposisjon.

Tilrådinga til Fellesnemnda om eigarskapsrapporten var eit unnatak det er verd å merkja seg. Saka ber bod om djupareliggjande høgre – venstre-motsetnadar internt i posisjonen. Det siste er ein sjeldan situasjon, sett i lys av at Høgre og Arbeiderpartiet i Fjell pleier ta diskusjonane på kammerset, og tala med ei røyst i det offentlege rom.

Nødvendige diskusjonar
Faren er at det vi karakteriserer som lokaldemokrati i realiteten er blitt redusert til ein retorikk for retorikken sin eigen skuld. For vi er jo nøydde til å ta desse diskusjonane?

Spørsmålet eg stiller meg er korvidt politikarane våre også meistrar dialogens edle kunst. Å gå i dialog er krevjande. Noko heilt anna enn retorikk. Å gå i dialog inneber at ein også lyttar, og freistar finna felles løysingar i politisk krevjande situasjonar.

Skal dei politiske skiljelinjene også i framtida få lov å vera til hinder for nytenkjing om gode løysingar? I så fall har vi fått ein føreseibar politikk der mykje er avgjort alt av administrasjonen.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s