Pressar på for ekstrem fortetting

Utbyggjar vil auka talet på bustadar i Straume Sjøfront frå 200 til 324, i blokker med ei høgde på inntil 10 etasjar.

Dei to første blokkene i Straume Sjøfront vert berre ein beskjeden start, får Straumesundet Bolig AS gjennomslag for forslaget til ny detaljreguleringsplan.

Då kommunestyret vedtok planen for Straume Sjøfront våren 2011, reduserte dei talet på bustadar frå 225 til 200. Det var viktig å sikra tilstrekkjeleg uteareal til dei som skulle bu og bruka området, meinte dei folkevalde. Det var den gongen.

Sju år seinare vil utbyggjar Straumesundet Bolig AS auka talet på bustadar med heile 62 prosent. Det bør byggjast inntil 324 bustadar innanfor grensa til Straume Sjøfront, busetnaden bør skje i blokker med ei høgde på inntil 10 etasjar, foreslår dei i framlegget til ny deltajreguleringsplan.

Sotrasambandet
Det er planen for nytt Sotrasamband som har fått utbyggjar til å tenkja nytt, framkjem det av sakspapira til møtet i Komité for plan og forvikling i morgon. Sotrasambandet vil koma inn på området i nord, og vil stilla krav til ekstra støykompenserande tiltak i bustadane.

Les: Idyll på kanten av Sotrasambandet?

Dei 324 bustadane vil få eit snittareal på 85 kvadratmeter. Utbyggjar ser for seg at 36,8 mål av den 50 mål store tomta bør verta bebygd.

Lite sol og lys

Omlag slik ser ABO Plan og Arkitektur for seg at Straume Sjøfront kan fortettast.

Den auka utnyttinga vil føra til at minste felles uteopphaldsareal per bustad vil verta redusert frå 30 til 25 kvadratmeter, samanlikna med den godkjende planen. Felles takterassar skal kunna inngå i utrekninga av utearealet.

Den auka fortettinga inneber at det vert lite sol og lys mellom bygga. Berre 3.610 kvadratmeter uteareal skal ha sol klokka 15 ved vår- og haustjamndøger, vert framlegget til forskrift vedteke.

Mindre eigna
Rådmannen i Fjell stiller seg tvilande til om dette er dei rette tiltaka for å sikra gode utopphaldsrom for dei komande bebuarane.

-Delar av areala som er tekne med i reknestykket er mindre eigna som uteareal for opphald på grunn av at dei ligg inneklemt mellom høge blokker med liten avstand mellom. Dette er areal utan sol store deler av dagen og som det truleg vil vera lite attraktivt å opphalde seg på over tid, skriv rådmannen i innstillinga.

Les: Kommentar: Det mest misbrukte ordet

Som avbøtande tiltak foreslår rådmannen i redusera talet på etasjar, med 1 – 3, men at det må gjerast i samråd med utbyggjar.

På rådhuset har det ikkje vore gjort noko forsøk på å endra planen.

 

Advertisements

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.