Frigjeringsdagen: Møt ein tysk anti-helt

Møt Bernie Gunther, noko så sjeldant som ein tysk privatdetektiv som gjorde så godt han kunne for å motverka nazi-systemet innanfrå.

Prague Fatale leiar fram til drapet på Reinhardt Heydrich i Praha i 1942.

Bernie Gunther er hovudpersonen i ein serie thrillere skriven av den skotske forfattaren Philip Kerr. Bøkene, som strekkjer seg frå 1936 til eit stykke utpå 1960-talet, kan lesast på fleire nivå.

Som privatdetektiv går Bernie Gunther rett inn i tradisjonen etter Raymond Chandler. Ein desillusjonert eks-politimann frå Berlin som overlever fordi han kan jobben sin. Han er glad i kvinner og alkohol, og veit å ta seg fram i ei skuggeverd der lovar er til for å brytast. Lett karikert, og med eit kvinnesyn mange vil reagera på, framstår han likevel som ein jamnt over likande kar.

Serien startar med ”Berlin Noir”-triologien. Nazistane har site med makta i tre år, og kriminalkommisar Gunther må forlata Berlin-politiet avdi haldningane hans ikkje stemmer overeins med dei nye makthavarane.

Bøkene om Bernie Gunther også lesast som historiske forteljingar om livet for den meinige tyskar dei 12 åra under nazi-styret. Om korleis han så vidt klarar å unngå tvangsutskriving til spesialkommandoane på austfronten, og om vanlege berlinarar sitt syn på nazismen sin brutalitet.

-Korleis kom vi dit at jødane vart peika ut for utryddingsleirar? filosoferer han den dagen påbodet om at jodane måtte bera den gule davidsstjerna synleg på jakken vart innført. Ei lov han etter beste evne kompenserer for ved å byta til seg hermetikk på svartebørsen for å gje til dei jødiske kvinnene som lever i skjul i naboleiligheten.

Bernie Gunther ferdast i same miljøet som mange av dei leiande nazistane. Reinhardt Heydrich, Hermann Göring og Heinrich Himmler er mellom dei faktiske personane som dukkar opp i sentrale roller i bøkene. Og dei vert ikkje akkurat framstilt til sin fordel. I bøkene treff vi og jødar og homofile, nokre overlever fordi dei har særskild vern heilt til topps i systemet.

Så vidt eg er i stand til å kontrollera, samsvarar dei store linjene i bøkene med dei faktiske historiske hendingane.

73 år etter at 2. verdskrigen tok slutt er det framleis langt på veg svart – kvitt-tenkinga som dominerer den norske historieforteljinga: Linge-karane, Shetlands-gjengen, heltane i Milorg, gutta på skauen og no, dei seinare åra omsider også krigsseglarane. Mot dei står dei tyske nazistane, krigsforbrytarane og quislingane i Nasjonal samling.

Bøkene om Bernie Gunther er skriven av ein skotte. Det er nærliggjande å spørja korvidt Kerr som utanforståadne har late seg freista til å overdrive den vanlege tyskar sin antipati mot nazismen? Dei overlevande Tysklandsfangane sine møter med modige tyskarar som Hiltgunt Zassenhaus, og forteljinga om den opposisjonelle motstandsgruppa Die Weisse Rose, har dokumentert at den indre motstanden fantes, også relativt tidleg i krigsåra.

Lest som historiske thrillere kan serien om den tyske anti-helten Bernie Gunther som gjorde så godt han kunne for å motarbeida nazi-systemet innanfrå vonaleg bidra til ei nyansering av biletet.

Phillip Kerr døydde nyleg. Bernie Gunther vil leva vidare, i alle fall så lenge det finst personar som er opptekne av å forstå meir om korleis verdskrigen og tiåra etterpå arta seg for vanlege tyskarar utan aktiv tilhøyringhet til nazi-miljøet.

Dei mest sentrale bøkene om Bernie Gunther er å få på norsk.

Norske lesarar som synes namnet Phillip Kerr høyres kjent ut, har heilt rett. Science Fiction romanen ”A Philosophical Investigation” fekk stor merksemd då ho kom ut i Norge tidleg på 1990-talet.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.