Trugar med å stengja vegen til Skuggen

Her trugar utbyggjar med å stengja vegen til eit 50-tal bustadar i Skuggen i Sund, om ikkje kommunen snarast gjev ferdigattest på vegen.(Saka er oppdatert).

Desse tre «Hitler-jekslane» plasserte utbyggjar Vyrd AS i innkøyrsla til byggjefeltet Skuggen i går. Om ei veke vert vegen heilt stengd, varslar utbyggjar via advokaten sin.

Bebuarane i byggjefeltet Skuggen i Forlandsvågen i Sund er i opprør. Tre ”Hitlar-jekslar” vart i går utpasserte i innkøyringa til byggjefeltet. Opninga er akkurat brei nok til at ein bil kan passera.

I morgon vil vegen til og frå dei 50-tals bustadane i byggjefeltet verta stengt heilt, har utbyggjar Vyrd AS varsla innbyggjarane via eit brev frå Advokatfirmaet Kyrre.

Utset stenginga
Etter at nettavisa Tunnelsyn.no la ut denne saka for halvannan time sidan, fekk vi melding om at Vyrd AS utset den endelege stenginga av vegen inn til Skuggen, venteleg ei veke, ifølgje  Karsten Krüger Engedal i advokatfirmaet Kyrre. Årsaka til utsetjinga er at dei treng tid til å utarbeida ein plan som sikrar tilkomsten til naudetatane på ein måte alle partar kan vera samde om.

Opprørte bebuarar
Dei fortvila bebuarar har kontakta kommunen, så vel som politiet, for å sikra at dei framleis skal kunna køyra til bustadane sine.

– Innbyggjarane i Skuggen skjønar ikkje så veldig mykje av dette. Her seier utbyggjar at dei vil ha kommunen til å godkjenna vegen, og så rammar dei innbyggjarane i staden, seier ein oppgitt Martin Kristiansen som bur i byggjefeltet.

Velforeininga i Skuggen har i lang tid jobba for å få utbetra fleire tilhøve i byggjefeltet som dei meinar er mangelfulle. Vegen som utbyggjar no trugar med å stengja er berre eitt av dei ømme punkta. Kristiansen er med i veggruppa Velforeininga har danna i håp om å få skikk på vegen. Gruppa sørgjer for halda utbyggjarar så vel som planavdeling i Sund kommune jamnleg oppdaterte med ting som bør gjerast.

Les: Utrygge vegar i Skuggen

Ulovleg veg
Nettavisa Tunnelsyn klarte tysdag ikkje å få telefonkontakt med nokon av dei ansvarlege for utbyggjarane Vyrd AS og Rett Hjem Eiendommer AS. I staden vart vi vist vidare til advokat Karsten Krüger Engedal i advokatfirmaet Kyrre.

-Bruken av vegen er ulovleg i henhald til plan og bygningslova, og har vore det i lang tid, grunngjev advokat Karsten Krüger Engedal i advokatfirmaet Kyrre truslane frå Vyrd AS om å stenga vegen ovanfor nettavisa Tunnelsyn.

– Utbyggjar har i lang tid prøvd å få ein dialog med Sund kommune, utan å nå fram. Dei har gjort alt dei kan for å opparbeida ein veg dei meinar er god nok, seier Krüger Engedal.

Utan utsikt til ei snarleg løysing, i det minste ein dispensasjon frå Sund kommune til å bruka vegen, valde utbyggjar å ty til ei slik dramatisk løysing, ifølgje Krüger Engedal.

Avventar
I Sund kommune avventar dei situasjonen:
– Det er ikkje aktuelt for Sund kommune å gje etter for press frå utbyggjar, seier leiar Svein Otto Jacobsen i plankomitéen i Sund.

– Vegen inn i feltet er ein privat veg. Dette er difor ei privatrettsleg sak som kommunen ikkje går inn i, seier planansvarleg Ole Karsten Midtgård i Sund kommune til nettavisa Tunnelsyn.no.

Tilkomst for naudetatane
Vert vegen heilt stengt, har kommunen framleis ansvar for å sikra at omsynet til helse, miljø og tryggleik for innbyggjarane i Skuggen vert ivareteke. Å sikra at naudetatane har tilkomst, er kritisk. Men så lenge brann-, politi og sjukebil kan koma til, er stenginga av vegen ikkje noko som vedkjem kommunen, slik Midtgård ser det.

Korleis Vyrd skal kunna stengja innkøyrsla heilt, og framleis sikra tilkomsten for naudetatane, skjønar ikkje Martin Kristiansen og dei andre medlemmane i veggruppa. Dei imøteser morgondagen med stor uro. Einskilde har alt funna plassar utanfor byggjefeltet der dei planlegg å parkera bilen i kveld.

Når det gjeld tilkomst for naudetatane, meinar Krüger Engedal likevel at Vyrd AS har teke naudsynte førehandsreglar:

– Vyrd har hatt kontakt med naudetatane. Politiet var på befaring i går. Dei har konstatert at det går an å passera med den største brannbilen. Korleis stenginga elles vil verta gjennomført reint praktisk, går det an å tenkja seg fleire løysingar på, seier Krüger Engedal.

Manglar ferdigattest
Sund kommune har gjeve ferdigattest, bruksløyve eller midlertidig bruksløyve til eit 50-tals bustadar i Skuggen. Det er berre eitt problem: Infrastrukturen i byggjefeltet har framleis fleire manglar og er difor ikkje godkjend av Sund kommune i henhald til plan og bygningslova. Det skulle han ha vore før huskjøparane fekk lov til å flytta inn, ifølgje plan og bygningslova.

Midtgård ser at godkjenningane her kan ha kome i feil rekkefølgje:

– Å gje midlertidig bruksløyve til bustadar før den offentlege vegen inn i feltet er ferdigstilt har vore vanleg praksis i Sund i eindel tilfelle, medgjev Midtgård.

Ny praksis
– Erfaringane frå Skuggen har fått oss til å gå gjennom regelverket på nytt, legg Midtgård til.

Les: Fylkesmannen samd i bruksnekt

Som ein konsekvens av den juridiske gjennomgangen har Sund kommune endra praksis. Kommunen gjev no verken byggje- eller bruksløyve før den offentlege infrastrukturen er godkjend med ferdigattest. Det gjeld ikkje berre i Skuggen, men i heile kommunen, hevdar Midtgård.

– Utbyggjarane i Skuggen står fritt til å søkja om dispensasjon, legg Midtgård til.

Får ikkje flytta inn
Bak det heile ligg det truleg økonomiske motiv. Utbyggjar Rett Hjem Eiendommer AS har, ifølgje det nettavisa Tunnelsyn.no har fått opplyst, seks ferdigstilte bustadar i Skuggen-feltet som dei ikkje får oppgjer for, avdi bustadane manglar midlertidig bruksløyve eller ferdigattest slik at kjøparane kan flytta inn.

– Vyrd AS har ansvar for veg, vatn og kloakk og har lagt ned store investeringar her. Dei er ikkje involvert i bygging og sal av bustadar. Dei ser likevel at det er viktig også for bustadbyggjarane at tilkomsten vert legalisert. Enno viktigare er det for dei som har kjøpt bustadane å få lov til å flytta inn, seier Krüger Engedal.

Advertisements

1 Comment

  1. «Vyrd AS er ansvarlig for vei, vann og kloakk».

    Kloakktanker står ulovlig og feilplassert oppå grunn, og er ikke gravd ned slik de skal være.
    Veien er ikke i tråd med reguleringsplan med en en god del mangler.

    Forventer og krever at Vyrd AS kommer å ordner opp etter seg, slik at beboere kan få fred, og nye beboere får flytte inn. Flott at kommunen setter foten ned og stopper denne galskapen som har foregått altfor lenge.

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.