Ukritisk til ekstrem fortetting

Fleirtalet i Komité for plan og forvaltning er ukritisk til forslaget om å auka talet på bueiningar på Straume Sjøfront frå 200 til 325.

Slik kan Straume Sjøfront verta sjåande ut, når utbygginga ein gong vert ferdigstilt.

– Det er gjort så store endringar i planen for Straume Sjøfront at dette eigentleg ein ny plan, sjølv om utbyggjar kallar det ein reguleringsendring. Slik opna rådgjevar Einar Lunde orienteringa si om forslaget til ny detaljreguleringsplan for Straume Sjøfront under gårsdagens møte i Komité for plan og forvaltning.

Les: Pressar på for ekstrem fortetting

Den vanskelege marknadssituasjonen for blokkleiligheter i Straumeområdet, er noko av bakgrunnen for det nye planframlegget. No vert det lagt opp til at utbyggjar skal kunna føreta ei stegvis utbygging, ettersom markandssituasjonen og tilgangen på finansiering tillet det.

Les: Det mest misbrukte ordet

Les: Langt frå sutalaust

Diskusjonen i komitéen kom hovudsakleg til å dreia seg om korvidt ei oppgradering av Gamle Straumsbru burde inn i planen, på eit eller anna vis.

Les: Uviss framtid for Gamle Straumsbru

Med så store endringar i planen bør det opna for reforhandling av utbyggingsavtalen, slik at ein kan ta inn ei oppgradering av Gamle Straumsbru som eit nytt rekkefølgjekrav, føreslo Daniel Victor Sandvik (FrP).

For ungdom

Opposisjonen, Kjell Rune Garlid, Daniel Victor Sandvik, Helge Nilsen og Johannes Kobbeltvedt, var skeptisk til den store auken i talet på bustadeininger i Straume Sjøfront, men fekk ikkje gjennomslag. (Arkivbilete).

Det nye planframlegget legg opp til å byggja fleire, men mindre bueiningar. Dette ser fleirtalet i komitéen som positivt. Mindre bueiningar vil verta rimelegare og dermed innanfor det unge, nyetablerte har råd til, sa Anne Hestnes (A).

Berre opposisjonen, ved Kjell Rune Garlid (SotraLista), tok til orde for at den føreslegne auken i talet på bustadar er altfor stor. Komiteen burde føreslå eit tak på kor mange bustadar dei kan tenkje seg å pressa inn på det 50 mål store området, før dei sender planen ut på høyring, føreslo han.

Redusert uteareal
– Det er lagt inn god kvalitet i forhald til uteareal, fekk Høgre og Arbeidarpartiet fleirtal for å få inn i tilrådinga.

Det lot ikkje til å uroa posisjonen sine medlemmar at den auka utnyttinga vil føra til at minste felles uteopphaldsareal per bustad vil verta redusert frå 30 til 25 kvadratmeter, samanlikna med den godkjende planen. Felles takterassar skal kunna inngå i utrekninga av utearealet.

Lite sol
Den auka fortettinga inneber at det vert lite sol og lys mellom bygga. Berre 3.610 kvadratmeter uteareal skal ha sol klokka 15 ved vår- og haustjamndøger, ifølgje framlegget til forskrifter.

Dei høgaste bygge vil koma i nord (mot nye Sotrasambandet) og i aust. Ei høg, lang blokk i nord vil fungera som ei støyskjerming mot nye Sotrasambandet, tilrår fleirtalet.

Les: Idyll på kanten av Sotrasambandet

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.