Uviss framtid for Gamle Straumsbru

Grunnundersøkingane i tilknytning til Gamle Straumsbrua denne veka vil antyda litt om brua si framtid. Men politikarane vil ha siste ordet.

Auka siglingshøgde, breiare siglingsløp, to køyrefelt og gang- og sykkelveg på toppen. Mange har ønskjer for ei utbetring av Gamle Straumsbru. Om politikarane i Fjell vil,  kan ei utbetring verta eit Kinderegg for tryggleiken, både for mjuke trafikkantar og for båttrafikken.

Utvida og oppgradera, stengja eller erstattast av ny bru? Scenariene for den smale heve-brua frå 1924 er mange.

Grunnundersøking
Grunnundersøkingane som vert utført i Straumsundet i tilknyting til brua denne veka vil gje noko av svaret, seier plansjef Bjørn Erik Kristiansen til nettavisa Tunnelsyn.no.

Sjøbotnen langsmed brua kan bestå av lausmassar, avslørte FjellVar under arbeidet med ny vassleidning. Det er dette grunnundersøkingane skal verifisera – eller avkrefta.

Grunnundersøkinga vert gjort for å finna ut kva type massar brua står på i dag og kor langt ned det er til fast fjell. Når vi veit dette vil vi og vita meir om korleis vi skal prosjektere ei opp gradering av eksisterande bru eller om ho må skiftast ut, forklarar Kristiansen

Grunnundersøkinga skal føra fram til ein konklusjon på kva som bør gjerast, med eit førebels kostnadsoverslag. Resultatet vert venteleg klart like over sommaren.

To køyrebanar og fortau
Det ingeniørmessige er ein ting. Skiftande politiske interesser noko ganske anna.

Ei utviding av Gamle Straumsbru var tema i to av sakene i Komité for plan og utvikling denne veka. I reguleringsplanen for utviding av Bildøyvegen vert det lagt opp til to køyrebanar og fortau like frå brufestet på Bildøysida og over heile øya. Vegen skal dimensjonerast for 1.500 bilar i døgnet.

Trafikkfarleg: Gamle Straumsbrua og Bildøyvegen vil verta snarveg til Sartor Senter frå dei 700 bustadane i Branndalsåsen. Planar om bruutviding har utbyggjar som også er leiar for Komitë for drift og forvaltning i Fjell likevel ikkje. (Arkivbilete)

Gamle Straumsbru ser ut til å verta ein knappe 100 meter lang innsnevring på ein veg som elles har to køyrebanar. Eit stykke utan fortau eller annan sikring for mjuke trafikkantar.

Politikarane vegrar seg
Sjølve brua ligg innanfor plangrensa til den nye reguleringsplanen for Straume Sjøfront. Ei storutbygging i Straume Sjøfront vil auka talet både på gåande og bilar som passerer den smale brua.

Les: Pressar på for ekstrem fortetting

Omsynet til å sikra trygg skuleveg for ungane som skal til skulesenteret på Bildøy fekk mindretalet i KPU til å krevja at planane om å utvida brua måtte med i planen før han vert lagt ut til førstegongs høyring.

Fleirtalet i komitén vegra seg likevel for å krevja at ei utbetring av brua skal inn som rekkefølgjekrav i den nye planen. Dette gjer dei trass i at utbyggjar Straumesundet Eiendom AS får lov til å auka talet på bustadar frå 200 til 325.

FrP-veteranen Daniel Victor Sandvik trudde han hadde sikra bru-utvidinga i forrige runde med planar for Straume Sjøfront, men då rann det heile ut i sanden. Det vil han ikkje oppleva enno ein gong. No såg han ein gylden sjanse til å retta opp at i mistaka frå 2011.

– Med ei så stor utviding av talet på bustadar er det rimeleg at utbyggingsavtalen vert reforhandla, hevda Sandvik.

– Om vi er for bombastiske her, risikere vi å enda opp med ingenting, åtvara Anne Hestnes (A). Brua vil verta kommunen sitt problem, frykta ho.

Stadig fleire bilar
Utbygginga i Branndalsåsen er den tredje store planen i området som er under arbeid. Heller ikkje her vert det lagt opp til noko oppgradering av brua.

Frykta er likevel at Gamle Straumsbru vil fungera som ein snarveg til Sartor senter, og at utbygginga slik bidra til å auka talet på bilar som passerer brua dagleg, ifølgje ein tidlegare høyringsuttale frå Innbyggjarinitiativet BevarStraume.

Les: Fryktar auka gjennomgangstrafikk gjennom Bildøyvegen

Båttrafikken
Fjell Båtlag, Brukarane av Straumsundet og Bildøy hyttelag har tidlegare fremma eit felles forslag om at ein også bør sjå på omsynet til tryggleiken for småbåttrafikken i Straumsundet.

Ved ei eventuell oppgradering og utviding av Gamle Straumsbru bør ein nytta høvet til å utvida siglingsløpet under brua, og samstundes heva siglingshøgda til fem meter, føresler dei.

Les: Vil ha Gamle Straumsbru utbetra

Fire år
Gamle Straumsbrua slik ho står er godkjent i fire år til. Innan den tid må politikarane i Fjell ha blitt samde om kva dei skal gjera, elles må dei truleg stengja brua, antydar Kristiansen.

Under budsjettforhandlingane i fjor haust foreslo rådmannen at det bør setjast av 27 millionar kroner til ei framtidig oppgradering.

Les: Gamle Straumsbru: utbetra eller stengja?

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.