Hastig med blokkbygging på Rong

Formannskapet i Øygarden er positive til å selja finaste bustadtomten i sjøkanten på Rong.

Berre ein strandpromenade vil skilja den aktuelle bustadtomta frå Hjeltefjorden. Like framfor og mot sør har Øygarden kommune planar om å byggja molo og båthamn. (Foto: Øygarden kommune).

Ikkje før har Øygarden kommune lagt framlegget til områderegulering for Rong senterområde ut på høyring, så melder første bustadutviklaren si interesse for å byggja Øygarden sitt svar på Straume Sjøfront.

Les: Vil ha kortreist stein til fjordpark

Panorama mot Hjeltefjorden
PTA Eiendom AS, som er eigar av Rong Senter, har sendt brev til kommunen med spørsmål om å få kjøpa ein 3,9 mål stor kommunal tomt, lokalisert like nordaust for rådhuset.

I områdeplanen vert tomten føreslege utnytta til konsentrerte bustadar, med høve til å byggja ei blokk på inntil fem etasjar. Tomten vil få panoramautsikt til Hjeltefjorden, med berre ein strandpromenade mellom seg og fjorden.

– Tomten vert oppfatta som den aller mest attraktive på Rong av bustadutviklarane, oppsummerte ordførar Børge Haugetun eit informasjonsmøte nyleg då han orienterte formannskapet om interessa frå PTA Eiendom AS.

Les: Gult, grønt eller luregult på Rongøy

Snarleg utbygging
– PTA Eiendom er ein lokal eigedomsutviklar som vil ha interesse av ei snarleg utbygging, ikkje berre å ha tomta liggjande i balansen. Dei ser gjerne at det vert folk i senterområdet også på kveldstid, grunngjev Haugetun den positive haldinga på rådhuset til salet.

Medrekna bustadane over handlesenteret, er det i dag berre eit 60-tals bustadar i sjølve senterområder i Rong. Ei fem etasjar høg blokk på den føreslegne tomten vil kunna auka talet vesentleg.

Positiv til sal
Formannskapet er positiv til at PTA Eiendom får kjøpa tomta, men på vilkår.

Eigedomsutviklaren vil kjøpa tomta som råtomt, og sjølv stå for utsprengjinga. Det meinar Haugetun, på bakgrunn av tidlegare planar, vil verta ein relativt krevjande jobb. Steinen derimot, kan formannskapet godt tenkja seg å behalda, og nytta til moloen dei planlegg å byggja like framfor rådhuset.

Haugtun ser ikkje for seg at salsinntekta frå råtomten vil utgjera allverda i kommunebudsjettet.

– Vi kunne sikkert ha fått meir, men her ønskjer vi å prioritera dei som kan gjennomføra ei snarleg utbygging, seier Haugetun til nettavisa Tunnelsyn.no.

Brødrene Ulveseth
Formannskapet ba om å få laga ein takst på eigedomen. Deretter vil dei få framlagt ei ny sak der dei skal ta stilling til pris og kva heftingar dei eventuelt ønskjer skal følgja eigedomen.

PTA Eiendom AS har Peder B. Torsvik som dagleg leiar og minoritetsaksjonær. Største eigar er Brødrene Ulveseth AS, med 50 prosent. Atle Ulveseth er styreleiar i sels

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.