Slepp senda søknad

Fartøyet som brakte store mengde plast og anna avfall i land under plastryddeaksjonen i Øygarden tidlegare i mai bør få dekka drivstoffutgiftene.

Miljødronningen gjorte innhentinga av store mengder innsamla plast og anna avfall til ein effektiv prosess, ifølge ordførar Børge Haugetun i Øygarden.

«Miljødronningen», fartøyet til Norges Miljøvernforbund, gjorde ein kjempejobb med å bringa store mengde plast og anna avfall til land under plastryddeaksjonen i Øygarden tidlegare i mai.

Les: Inviterer til årets strandryddeaksjon

Det meinar formannskapet i Øygarden. Ordførar Børge Haugetun (TVØ) fekk ein omvisning ombord under aksjonen og vart imponert over det han såg og høyrde. Difor vart han meir enn overraska over å høyra at dei deltok desse to dagane utan å få noko form for støtte. Ikkje eingong til drivstoffutgiftene.

Då formannskapet møttes tidlegare i veka fekk han difor dei øvrige medlemmane med seg på å tildela Norge Miljøvernforbund ei ekstraordninær løyving på 30.000, øyremerka til dekning av drivstoffkostnadane i samband med denne spesielle aksjonen.

Pengane skal takast frå posten «reserverte tilleggsløyvingar», som formannskapet disponerer for tildelingar til lag og organisasjonar.

Les: Vil støtte oppussing av Vik bedehus

Norges Miljøvernforbund slepp senda søknad.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.