Hage-eksplosjon

Over dei siste to vekene har hageeigaren kunna fryda seg over ein hage som totalt har endra karakter frå gulbrun vinter til blomstrande, fargesprakande, irrgrøn vår.

Løytnantshjerte er ein hardfør valmueart som finst i mange gamle hagar. Trivest han kan du ha han i mange år.

Lyng og påskeliljer er tidlege varsel om all den grøne energien som ligg skjult i bork og mold. Det skal berre nokre kraftige regnskurar og så nokre varme dagar, så kjem hage-eksplosjonen…

Les: Slik lukkast du med lyng i hagen

Kvitveisen som blenkjer borte i bakken får selskap av engkarse enmasse og dannar ramma rundt det kultiverte.

Magnoliaen sine kvite stjerner lyser mot nakne greiner. Først på slutten av blømingstida kjem bladverket.

Nærast over natta faldar magnolia, azalea, rododendron, plommetre og tulipanar ut sine oppsiktsvekkjande, fargerike kronblad til glede for hageeigaren så vel bier, humler og andre sødmesøkjande nytteinsekt.

Les: Magnolia – eit fortidstre i hagen

Les: Rododendron-familien på Kårtveit

Løytnantshjertene føretrekkjer skugge.

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s