Magnolia – eit fortidstre i hagen

Magnolia er eit sjeldant tre i norske hagar. Eit av dei artane som visstnok ikkje skal trivast her til lands, men som gjer det likevel.

Magnoliaen sine spirkvite blomar lyser mot nakne greiner og gjer treet til eit skikkeleg blikkfang i hagen.

Magnoliaen er noko av det første som blømer i hagen min om våren. Dei store, kvite blomane er eit blikkfang der dei faldar seg ut på berr kvist i månadsskiftet april/mai.

Les: Hage-eksplosjon

Varmekjær
Kravet til varme gjer at magnoliaen visstnok ikkje trivest særleg godt her til lands.

Nokre artar er meir herdige enn andre. Tek du ein køyretur gjennom dei eldre villastrøka i Bergen i slutten av april vil du innimellom oppdaga 6 – 8 meter høge tre som lyser opp i det gulbrune landskapet med sine spirkvite blomar.

Mitt står på den lunaste staden i hagen, og der ser han ut til å trivast. Veksten går imidertid sakte. Etter 15 år har han rukke å verta halvannan meter høg.

Vakker! Nyutsprungen magnolia-blom. Bladverket kjem seinare.

Arten er usikker, men ut frå formen på blomsterkransen, vil eg tru det er ein stjernemagnolia, Magnolia stellata, eg har fått fatt i.

Dette var ein av dei aller første knoppane som sprang ut, for nærare to veker sidan. Her ser vi tydelegare stjerneformen, som får meg til å tru at det er ein Magnolia stellata – stjernemagnolia.

Dionosaurmat?
Skal du ha ein magnolia i hagen, bør du kjenna treet sin historie.

Som tempeltreet gingko, er magnolia er eit fortidstre. Dette var ein av dei aller tidlegaste plantefamiliane som vaks på jorda. Ekspertane reknar at han er minst 95 millionar år. Det vil seia at han kom før biene. Pollineringa skjer med biller!, ifølgje Wikipedia.

Må medgje at eg finn tanken på at magnoliaen kan ha stått på menyen til planteetande dionosaurar fascinerande…

Herdige sortar
Magnolia veks i dag vilt i Amerika, Søraust Asia og Ny Guinea. I tidlegare geologiske periodar, sånn for 60 millionar år sidan, vaks magnoliaene vilt over store delar av den nordlege halvkula, før eit kaldare klima tvang utbreiinga på retrett.

Eindel hagesentre i Bergensområdet har byrja selja magnolia dei seinare åra. Før du lar deg freista, rår eg til at du les fagartikkelen under (på engelsk).

Les: Magnolia-dyrking på Nordvestlandet

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s