Måler støy hos naboane til Sotrasambandet

Ute på terrassen hos Jarle Seter i Straumsfjellvegen høyres støyen frå Sotrasambandet som ein jamn dur.

Ein halvmeter høg glasvegg er truleg det som skal til for å sikra Jarle Seter (framme) og familien i Straumsfjellvegen lys og utsikt utan sjenerande støy på terassen etter at nye Sotrasambandet står ferdig, ifølgje John Einar Kvaal og Kjersti Urne i Norconsult. Noverande Rv. 555 til venstre i biletet.

Frå terrassen heime i Straumsfjellvegen har Jarle Seter og familien fri utsikt til dagens Rv. 555. Det nye Sotrasambandet er planlagt å koma vesentleg nærare bustaden enn dagens veg. Trafikkmengda vil og auka mykje dei første 25 åra sambandet er sett i drift, i henhald til prognosane Statens vegvesen opererer med.

Kartleggja støynivå
Kva den nye firefelts motorvegen vil få å seia for støynivået på terrassen, og inne i bustaden til Seter og familien på Straumsfjellet, skal John Einar Kvaal og Kjersti Urne i Norconsult rekna ut. Norconsult har fått oppdraget med å kartleggja støynivået frå det nye Sotrasambandet i kring 180 bustadar i Fjell.

– Det er nok støy som det er, seier Seter. Etter å ha budd på Straumsfjellet sidan 2002 har familien likevel vent seg til duren frå Rv. 555. Då er det verre med støyen frå helikoptertrafikken over hustaket.

– Oppfatninga av støy er individuell. Sjølv om ein tilsynelatande venner seg til det, kan støy likevel påverka helse og livskvalitet. Nattesøvnen kan verta uroa, slik at du vaknar mindre utkvilt, seier Kvaal.

Støynivået vil og verta påverka av konstruksjonen på vegen, tenkjer Seter.

500 bustadar
Støy vert rekna som forureining, og vert regulert i henhald til forureiningsføresegna. Ved store vegutbyggingar som Sotrasambandet skjelnar Statens vegvesen mellom støyreduserande tiltak som kan gjennomførast i sjølve reguleringsplanen (som vollar eller støyskjermar) og trong for lokale støyreduserande tiltak på eksisterande bustadar.

Statens vegvesen er pålagt å kartleggja støynivået i dei eksisterande bustadane. Viser utrekningane at støynivået vil overstiga fastsette grenser, er vegvesenet pålagt å innføra lokale støyreduserande tiltak på dei einskilde bustadane.

For det nye Sotrasambandet kan så mange som inntil 500 bustadar i Fjell og Bergen verta omfatta av pålegget, seier prosjektleiar Espen Hammarsland i Sotrasambandet til nettavisa Tunnelsyn.no.

150 millionar
Kvar og ein av dei 500 husstandane vil i nær framtid få tilbod om besøk frå Kvaal og Urne, eller kollegaer frå andre konsulentverksemder, som kan rekna ut støynivået heime hos dei.

Betydelege summar er sett av til lokale støyreduserande tiltak på bustadane attmed den nye motorvegen. I budsjettet på 10,7 milliardar kroner er 150 millionar kroner øyremerka til føremålet, ifølgje Hammarsland.

Maksgrenser
Forureiningsføresegna tilseier at innvendig støynivå i bustadar ikkje får overstiga 30 desibel (dB) etter at støyreduserande tiltak er gjennomført. På uteområde som terrassar og hagar er maksgrensa sett ved 55 dB, fortel Kvaal.

Det går ikkje an å måla støy frå ein veg som enno ikkje finst. I slike tilfelle må det avanserte simuleringar til. For å kunna rekna ut innvendig støynivå når vegen står ferdig, må Kvaal og Urne gå gjennom husteikningane til Seter og dei andre bustadeigarene, og dessutan måla opp bustadane. Detaljinformasjonen om dei einskilde bustadane vert så lagt inn i ein stor datamodell i programvaren Støybygg3, og kverna saman med informasjon om gjennomsnittleg trafikkmengde i døgnet, fart, topografi og avstand mellom veg og bustad.

Nye vindauge
Resultatet av datakøyringa fortel korvidt, og i tilfelle kor omfattande støyreduserande tiltak som vil vera påkravd i kvart einskild tilfelle.

– Utskifting av vindauge er det enklaste tiltaket. I kombinasjon med etterisolering av bustaden, innvendig eller utvendig, vil det vera tilstrekkjeleg i dei fleste tilfella. Av og til kan det og vera naudsynt å innføra balansert ventilasjon, fortel Kvaal.

I heilt spesielle tilfelle kan det og vera naudsynt å gjera noko med tak og innvendige himlingar for å redusera det innvendige støynivået til under 30 dB.

Utvendig er det gjerne glasveggar det går i, for å sikra at bebuarane får behalda både lys og utsikt. Hos Jarle Seter vil ein halv meter høg glasvegg truleg vera det som skal til, ifølgje Kvaal og Urne.

Tillitvekkjande
Kvaal opplever at huseigarane stort sett finn det tillitvekkjande at Statens vegvesen kjem heim til dei og utfører slike støymålingar.

– Det er godt dei kjem, så får vi gjort noko med det, samstemmer Seter.

Huseigaren på Straumsfjellet hadde så smått byrja tenkja på å skifta vindauge. No avventar han sluttrapporten frå Norconsult og Statens vegvesen. Han kjem til hausten.

Påkravde støyreduserande tiltak på bustadar i samband med Sotrasambandet vil verta gjennomført i 2019 og 2020, ifølgje kommunikasjonsrådgjevar Geir Brekke i Statens vegvesen. går alt etter planen vil utbetringane vera ferdig før sjølve anleggsarbeidet tek til.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.