80 millionar ekstra til CO2-fangst

Regjeringa ønskjer å gjennomføra berre eitt av dei tre aktuelle forprosjekta for CO2-fangst.

Nærleik til feltet der CO2 skal lagrast permanent er ikkje nok. Enno er det langt fram før eit eventuelt mottaksanlegg for CO2 kan verta ein realitet på CCB Kollsnes.

I framlegget til revidert nasjonalbudsjett føreslår Regjeringa å setja av 80 millionar kroner ekstra til å vidareføra utgreiinga av CO2-fangst og lagring i Norge.

Les: CO2-mottaksanlegg til CCB Kollsnes

Framlegget inneber at det berre er Norcem sitt sementanlegg i Brevik som vil få midlar til å gjennomføra eit forprosjekt på CO2-fangst.

Norcem er den av dei tre aktørane som har best føresetnadar for å gjennomføra eit vellukka prosjekt. Dei har også klart lågast kostnad per tonn fanga CO2, ifølgje Rgjeringa si kunngjering.

At sementindustrien er ein vesentleg bidragsytar til globale klimagassutslepp har og medverka til avgjerda.

Gjennom forprosjekteringa vil demonstrasjonsprosjektet modnast, slik at usikkerhetsmomenta vert redusert og kostnadsestimata vert sikrare.

-Mykje arbeid står att før vi veit om vi har et prosjekt vi kan leggja fram for Stortinget for investeringsavgjerd. Då må kostnadene vera akseptable og prosjektet bidra til kunnskapsspreiing og teknologiutvikling internasjonalt, seier olje- og energiminister Terje Søviknes.

Eksterne rådgjevarar har konkludet med at CO2-fangst og lagring ikkje vil vera samfunnsøkonomisk lønsamt med dagens CO2-kostnadar. Regjeringa føreset difor at eksterne aktørar bidreg med finansiering som kan verkeleggjera prosjektet.

Les: Negativ K2-rapport om CO2-fangst og lagring

Les: Håpar på EU-pengar til CO2-rensing

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s