Sotrasambandet endeleg vedteke

Då Stortinget i går kveld gjorde endeleg vedtok om å byggja det nye Sotrasambandet som eit OPS-prosjekt, skjedde vedtaket mot råd frå EU.

Slike store OPS-samarbeid inneber ein vesentleg risiko for forseinkingar, undervurderte kostnadar og overvurderte brukarbetalingar, ifølgje EU sin revisjonsrett.

Det nye Sotrasambandet vert 9,4 kilometer langt, og vil binda Nye Øygarden kommune saman med Bergen. Hovudelementet i sambandet vert ei ny bru på 950 meter.

Les: 1 milliard per kilometer – reguleringsplanen for Sotrasambandet overlevert

Sambandet er kostnadsrekna til 10,5 milliardar kroner i dagens kroneverdi. Total kostnadsramme for prosjektet vert sett til 17 milliardar kroner, inkludert drift og vedlikehald.

7,3 milliardar skal finansierast med bompengar over ein 20 års periode. Inkludert i bompengesummen er budsjetterte kostnadar til drift og vedlikehald i 25 år. Det skal krevjast inn bompengar både på den nye og den gamle brua. For personbilar vert ordinær takst sett til 50 kroner kvar veg.

Stortingsfleirtalet vedtok at det nye brusambandet skal byggjast som eit offentleg – privat prosjekt (OPS). OPS-prosjekt i denne storleiken inneber ein vesentleg risiko. Mindretalet på Stortinget (A, SV, Sp) stemte difor for at det nye Sotrasambandet i staden skal realiserast som eit ordinært vegprosjekt.

Vedtaket om at det nye Sotrasambandet skal byggjast som eit OPS-prosjekt vart gjort mot råd frå EU sin revisjonsrett. EU frårår fleire OPS-samabeid med private aktørar etter dagens regelverk. Det gjer dei etter at ei nyleg undersøking konkluderte med at slike prosjekt oftast har store forseinkingar, undervurderte kostnadar og overvurderte brukarinntekter.

Les: Åtvarar mot OPS-samarbeid

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s