Andemor på farefull ferd

Ei andemor med sine seks små fann ikkje vegen til Brattholmen skule og 17. mai prosesjonen.

Ei andemor med seks små hadde forvilla seg ut på fylkesvegen mellom rundkøyringa på Straume og Svingen.

Slett ikkje greit å vera andemor på fylkesvegen mellom rundkøyringa på Straume og Svingen. Støypekanten er høg og bilane susa fram og tilbake. Heldigvis oppdaga dei fleste følgjet i god tid.

Den farefulle verda var ikkje noko kvardagshending for andemor. Tydeleg uroleg og forvirra sprang ho fram og tilbake i spissen for sine seks, sårbeinte små, på leit etter ein utgang tilbake mot det grøne. For neimen om ho tør kryssa vegen og inn i hagen på hi sida…

For ungane vart dette ein skikkeleg langtur. Helst ville dei visst berre leggja seg rett ned på asfalten.

Om det var 17. maiprosjesjonen på Brattholmen som fekk andemor til å leggja ut på ferda skal vera usagt. Til sist lot det til at ho snudde og sette kursen mot Straume, leidsaga av ein unggut som åtvara bilistane og lova å følgja henne heilt heim.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.