Hyrer ekstern habilitets-kompetanse

Askøy kommune hyrer inn ekstern juridisk kompetanse på habilitet før kommunestyret skal endeleg behandla BDO sin granskingsrapport om innkjøpa til teknisk avdeling.

Spørsmålet om habilitet går som ein raud tråd gjennom BDO sin gjennomgang av innkjøpa til teknisk avdeling i Askøy kommune medan Ivar Ådlandsvik var teknisk sjef.

Formannskapet i Askøy ønskjer å hindra at det vert sådd tvil om dei endelege konklusjonane i BDO sin granskingsrapport.

Les: Granskingsrapporten er offentleg

I håp om å unngå tvil om konklusjonane i granskingsrapporten og i den bestilte tilleggsrapporten, har formannskapet valt å hyra inn eksterne juridisk ekspertise på habilitetsspørsmål før den endelege behandlinga i kommunestyret 31. mai.

Denne ettermiddagen vil senioradvokat Karl O. Wallevik frå advokatfirmaet Thommessen AS vera tilstade i kommunestyresalen for å svara på spørsmål om habilitet og inhabilitet, vedtok formannskapet tidlegare denen veka.

Då kommunestyret hadde saka oppe under siste møtet, reiste Vigleik Stoveland (KrF) spørsmål også ved habiliteten til Jann Atle Jensen (Dem). Jensen var den som gjennom ein interpellasjon i kommunestyret først tok opp dei mogelege dobbeltrollene til Ådlandsvik.

Les: Jensen sine spørsmål ikkje med på kommunen sine Facebook-opptak

Kommuneadvokat Svein Gjesdal komkluderte då med at Jensen er habil til å delta i drøftinga av svara på interpellasjonen han sjølv har reist.

Medlemmane i formannskapet vil likevel ikkje gå med på at det at kommunen no hyrer ekstern jurist automatisk inneber at kommuneadvokaten er inhabil til å uttala seg, avdi han inngår i rådmann Eystein Venneslan sin stab.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.