Strilen i Irland

Strilen sitt strevsame liv i Irland – og i Norge. I ei fotoutstilling på Sartor kan du samanlikna gamle bilete frå Sotra og det vestlege Irland.

Stolt stril og hovudsponsor «Kjetting-Jan» Vindenes klipte kjettingen og markerte at fotoutstillinga «Strilen i Irland» er opna. Tv. Ivar Fjeld. Margit Apelthun th.

Den historiske kystkulturen på Strilalandet har mykje til felles med korleis dei levde på vestkysten av Irland. Ein likskap som vitnar om gamle ferdselsårar og slektskap over Nordsjøen, hevdar Ivar Fjeld og Norsk-Keltisk forening.

Les: Forskar på strilen sitt opphav

Den engasjerte lokalhistorikaren og journalisten står bak fotoutstillinga du kan studera på Sartor ein månads tid framover. Sjølve utstillinga ”Strilen i Irland” er laga av Kystmuseet i Øygarden.

Krev meir forsking
– Dette er spanande tankar. Særleg det arbeidet Ivar Fjeld har gjort med DNA-undersøkingar for å bekrefta slektskapen mellom folka over Nordsjøen. Dette må det forskast meir på, seier ”Kjetting-Jan” Vindenes, leiar for Sotra Anchor & Chain og styreleiar for Vest Næringsråd som stod for opninga av utstillinga.

For Irland hadde også sine strilar, hevdar Fjeld. Dei levde i området rundt Galway, på vestkysten, og opplevde tilsvarande kulturelle motsetnadar som det var mellom strilane rundt Bergen og byborgarane.

Den store skilnaden er at mens dei irske strilane visstnok døydde ut som følgje av forbod mot fiske under potetpesten, lever strilakulturen vidare på Vestlandet.

Føredrag
I tilknyting til utstillinga er det sett opp ein serie med seks føredrag som skal fortelja om status i undersøkingane og inspirera til vidare arbeid.

Først ut er statsarkivar Yngve Nedrebø som vil fortelja om DNA-testinga sin plass i slektsgranskinga.

På reisene sine til Irland har Ivar Fjeld knytta kontakt mellom anna med den norske ambassaden i Irland. Ambassadør Else Berit Eikeland er også planlagt å vitja utstillinga, saman med biskop Halvor Nordhaug.

Kolltveit skule
Men slektskapen over Nordsjøen er ikkje berre gløymt historie. Kultur søkjer stadig fornying. Det at Kolltveit skule nyleg fekk ein venskapsskule på vestkysten av Irland er og langt på veg eit resultat av innsatsen til den ihuga lokalhistorikaren.

Utstillinga vil vera open for interesserte i senteret si opningstid fram til Jonsok.

Dei som ønskjer å lesa meir om Ivar Fjeld sine teoriar om strilen i Irland, kan lesa boka: Spor i blod.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.