Utviklar forretningsmodell etter ”Plastkvalen”

NHH-forskar trur «Plastkvalen» kan føra til at gjenbruk vert god butikk.

– Kva skal til for å skapa ei meir berekraftig forbrukaråtferd, spør forskar Lars Jacob Tynes Pedersen ved NHH.

”Plastkvalen” viste kor gale det kan gå når menneskjer forsøplar havet med plast – plast som eigentleg er ein ressurs, og som kunne ha kome til god nytte i andre samanhengar.

Inspirert av nettopp plastkvalen har førsteamanuensis Lars Jacob Tynes Pedersen ved NHH vore med på å starta eit forsøksprosjekt for å finna ut kva som skal til for at sokalla sirkulære forretningsmodellar, der gjenbruk av ressursar står sentralt, skal verta lønsame.

Vekk frå bruk og kast
I dag er det bruk og kast som gjeld, men Tynes Pedersen har god tru på ein restart for miljøtankegangen. Etterkvart som tilgangen på ressursar minkar, vil det skje ein overgang frå dagens linjere forretningsmodellar til sirkulære forretningsmodellar, tenkjer forskaren som og er leiar for senter for etikk og økonomi ved NHH.

Tre ting skjer no samstundes og medverkar til å snu forbrukarane i meir berekraftig retning, ifølgje Tynes Pedersen.

Fleire berekraftige produkt kjem på marknaden. Ny teknologi gjer det mogeleg å løysa utfordringane knytt til gjenvinning på nye måtar. Til sist: kundane er i ferd med å endra kjøpspreferansane sine. Det å eiga tinga er ikkje lenger like viktig. Sjå berre på deletenester, som Spotify og Airbnb, seier forskaren.

Orkla og BIR
Med på laget har NHH-forskaren fått Orkla. Forbrukarvarekjempa har innsett at plast utgjer ein vesentleg del av produkt deira, og at dei dermed er med på å skapa eit miljøproblem. Men dei vil og vera med på å løysa problemet, utdjupar Tynes Pedersen.

Utfordringa er mangfaldig, har forskarane ved NHH innsett. Produktdesign, kundeval i butikken og åtferda heime ved kjøkkenbenken er berre nokon av faktorane som spelar inn.

Klar er ein serie miljøvenlege reinhaldsprodukt, utvikla som del av Orkla sitt pilotprosjekt. All emballasjen vert laga av resirkulert plast.

Den bergenske renovasjonsverksemda BIR forar Orkla med gjenvunnen plast til emballasjen.

Misforstått
– Vi har misforståtte førestellingar av verdiskaping. Korleis kan vi tena pengar, til dømes på å oppretthalda verdien i ei brukt JIF-flaske? spør økonomen.

– Eingongsemballasjen vil verta historie, spår Tynes Pedersen og viser til Norsk Gjenvinning. Forretningsmodellen deira er basert på resirkulering. Attpåtil førebur dei seg på ei verd utan avfall.

Les: FjellVar tenkjer forretningsutvikling

Forbrukarane snur
Før mengda av plast som havnar i havet kan verta vesentleg redusert, må Tynes Pedersen og kollegaene hans ved senter for etikk og økonomi finna svara på kva som vil vera drivarane og barrierane i ei slik utvikling.

Nøkkelen til endring ligg i hovuda på forbrukarane – og i åtferda deira, hevdar forskaren.

– Vi veit ikkje kva dei norske forbrukarane er villig til å akseptera, konstaterer Tynes Pedersen.

I håp om å avsløra litt meir av forbrukarane sine preferansar og vanar, har Orkla utvikla ein imaginær serie med berekraftige reinhaldsprodukt. Sera-prosjektet omfattar alt frå såpe, sjampo og bodylotion til avløpsopnar.

Alfahannane ved NHH er engasjerte for å testa forbrukarresponsane og fora datasystema med resultata.

– Det vil alltid skje ein avveging av miljømessige og sosiale vurderingar. Slike vurderingar kan produsentane best gjera når dei skjønar dei bakanforliggjande avvegingane som styrer forbrukarane og investorane, hevdar Tynes Pedersen.

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.