Fjordbønder digitaliserer for vekst

Grieg Seafood må ha kontroll på kvar einaste fôrpellets skal dei kunna nå målsetjinga om å auka produksjonen med 40.000 tonn innan to år.

Har sett lyset. Folk, arbeidsprosessar og teknologi må balanserast. Det er det som er digitalisering, hevdar IT-sjef Trond Kathenes som leiar Grieg Seafood ASA si avdeling for digitalisering og prosessoptimalisering.

Den børsnoterte sjømatprodusenten straumlineformar no alle arbeidsprosessane i organisasjonen for å nå forretningsmålet om å auka den årlege produksjonen frå 60.000 til 100.000 tonn innan 2020. Ei utfordring i seg sjølv, under dagens trafikklyssystem, ifølgje IT-sjef Trond Kathenes som er leiar for ei eiga avdeling for digitalisering og prosessoptimalisering i konsernet.

– Det vert krevjande å nå produksjonsmålet så lenge styremaktene seier at vi ikkje får veksa før vi har kontroll på biologien, medgjev Kathenes.

Les: Lokalt havbruk har fått vekstforbod

”Biologi” tilseier i første omgang lakselus, men å kunna visa til berekraft i heile produksjonen vil etterkvart verta like viktig, tenkjer han.

Faktabasert informasjon
Produksjonen ute på anlegga har til no vore styrt meir av magekjensle enn på grunnlag av tilgang på faktabasert informasjon, hevdar Kathenes.

Skal Grieg Seafood kunne ha ein berekraftig vekst, må organisasjonen ha tilgang på meir og kvalitativt betre data. Datagrunnlaget må harmoniserast, både internt, men også eksternt, slik at det duger som grunnlag for analyser, og røkterane kan læra kva som er dei avgjerande faktorane i beslutningsprosessane.

Les: Vil selja merdmeldingar til oppdrettsnæringa

Bønder på fjorden
Jamnt over tek det 1000 dagar frå rogn til slakteferdig fisk. Veksten i merdene avheng av fôringa, men og av matlysta til fisken. Er det til dømes for lite oksygen i vatnet, mistar fisken matlysta. Veksten tek lengre tid. Fôret synk til botnen og vert spreidd ut i miljøet.

Fôr er største einskildkostnaden i budsjettet. Fôrkostnadane utgjer vel 60 prosent av totalkostnadane, til saman godt over ein milliard kroner i året, ifølgje Kathenes.

– Vi er bønder på fjorden. Å ha rett fôringsregime er avgjerande. Vi må ha kontroll på kvar einaste pellets. Klarar vi redusera fôrspillet med fem prosent, vil det visa tydeleg att på botnlinja, konkluderer Kathenes.

Teknologien finst
90 prosent av teknologien som trengs for å effektivisera produksjonen er der alt, ifølgje IT-sjefen. Sensorar som sørgjer for automatisk datainnsamling, til dømes sanntids overvaking av oksygennivået, er utplassert på dei fleste anlegga.

Les: Havbruk utfordrar subsea

Mange av anlegga ligg på avsidesliggjande plassar, langt frå folk. Noko som har vore ei utfordring. Manglande mobildekning på mange av lokasjonane har tvunge Grieg Seafood til å byggja sine eigne trådlause nettverk ut frå næraste kommersielt tilgjengelege fiber.

Tverrfagleg
Slik har dei fått grunnlag for å utvikla smarte algoritmar som utnyttar datagrunnlaget på nye måtar. Cloud Computing, og analyser av big data, har gjeve betre grunnlag for å forstå prosessane. Integrasjon med forretningssystema er sjølvsagt. Visualisering og kommunikasjon opnar for tverrfaglege beslutningsprosessar.

– Folk, arbeidsprosessar og teknologi må balanserast. Det er det som er digitalisering, hevdar Kathenes.

Søkjer selskap
Grieg Seafood skal nå produksjonsvolumet på 100.000 tonn med ein lågare produksjonskostnad per kilo enn konkurrentane, lovar IT-sjefen.

Sjømatprodusenten kan ikkje klekka alle dei gode idéane heilt aleine. For å nå målet held Kathenes dørene på vidt gap for fagfolk og gründarar med gode idear.

Ikkje alle data er sensitive. Slike samarbeid kan på sikt gje grunnlag for kommersialisering av ferdige løysingar til små og mellomstore aktørar utan økonomi og interesse for å utvikla eigne løysingar, seier IT-sjefen i Grieg Seafood.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.