Folkeveksten stagnerer

SSB sin oversikt over folkeveksten i første kvartal er dyster lesnad for kommuneøkonomane vest for Bergen.

Det går stadig lengre tid mellom flyttelassa i kystkommunane vest for Bergen.

Etter ein liten auke i fjor, ser det igjen ut til at folkeveksten stoppar opp.

Dei tre første månadane i år hadde kommunane som snart skal inn i Nye Øygarden ein folkevekst på beskjedne 0,15 prosent. Så og seia heime folkeveksten var ”heimeprodusert”. Det vil seia at vart fødd 50 fleire ungar enn det døydde. Samstundes var netto tilflytting til Fjell, Sund og Øygarden skrumpa inn til berre 8 personar, ifølgje den ferske oversikten frå SSB.

Også dette kvartalet kom største folkeauken kom i Fjell. Eit fødselsoverskot på 39, og ei netto tilflytting på 50 personar, sikra at folketalet auka med 0,35 prosent.

I Sund sank folketalet med 31 personar. Heile 41 personar valde å flytta frå kommunen dei første månadane i år.

I Øygarden var det inga endring i folketalet i kvartalet.

Samla folketal i Nye Øygarden ved utgangen av mars var 37.745 personar. 58 fleire enn ved årsskiftet.

Kommunane som snart går inn i Nye Øygarden har lenge levd på veksttilskot frå Staten. Veksttilskotet vert utløyst av ein folkeauke på over 2 prosent, over ein treårs-periode.

Les: Difor er folkeveksten så viktig

Til samanlikning auka folketalet i Askøy i same perioden med 43 personar, tilsvarande ein folkevekst på 0,15 prosent. Folketalet i kommunen er no 29.114 personar.

Folketal 01.01.2018 Fødsels-overskot Netto innflytting Folkevekst Folkevekst % Folketak 31.3.2018
Sund 7.085 10 -41 -31 -0,44 7.054
Fjell 25.725 39 50 89 0,35 25.814
Øygarden 4.877 1 -1 0 0,00 4.877
Nye Øygarden 37.687 50 8 58 0,15 37.745
Askøy 29.071 44 -1 43 0,15 29.114
Totalt 66.758 94 7 101 0,15 66.859
Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.