Utviklingshemma truga av statleg sparekniv

I iveren etter å foreinkla det offentlege byråkratiet kan Regjeringa koma til å kutta tilskotet til utviklingshemma i Askøy med inntil 19 millionar kroner årleg. No oppfordrar kommunen til tverrpolitisk mobilisering på vegne av dei utviklingshemma.

Den tidlegare institusjonen Furuly er i dag omgjort til bufellesskap med mange ulike tilbod. Her Sølvi Karlsen og Roger Granheim framfor aktivitetshuset.

HVPU-reforma i 1991 førte til nedlegging av dei store institusjonane for psykisk utviklingshemma. I staden skulle det etablerast mindre einingar, fortrinnsvis i heimkommunane til dei einskilde.

Furuly i Askøy var ein av institusjonane som vart lagt ned. Men berre eit fåtal av bebuarane flytta heim. 53 av dei 73 fastbuande på Furuly ønska å verta buande i Askøy, fortel leiar for tenesteutvikling Roger Granheim og økonomirådgjevar Sølvi Karlsen i Askøy kommune til nettavisa Tunnelsyn.no.

Halvert tilskot
– Askøy tok på seg eit samfunnsoppdrag då HVPU-institusjonane vart nedlagt. No risikerer kommunen å få halvert det statlege tilskotet til denne brukargruppa, seier Granheim.

Tapet vert ein realitet dersom Regjeringa tek konklusjonane til ekspertutvalet som har gjennomgått dei statlege øyremerka tilskotsordningane til følgje. Då fell ordninga med vertskommunetilskot vekk. Utan overgangsordningar som sikrar inntektene til kommunane, taper Askøy 19 millionar kroner i statlege overføringar årleg, konstaterer Granheim.

Øyremerka tilskot
Det som skjedde i Askøy i samanhang med nedlegginga av HVPU-institusjonane var ikkje spesielt. 32 andre kommunar var i same situasjon.

Ordninga med vertskommunetilskot vart oppretta for at kommunane skulle kunna handtera den nye situasjonen økonomisk. Den øyremerka tilskotsordninga skulle kompensera for bortfallet av dei statlege overføringane til institusjonane.

For Askøy inneber ordninga at dei i år får overført til saman 38,4 millionar kroner i øyremerka tilskot til dei 29 utviklingshemma vertskommunebebuarane som framleis er busette i kommunen. For kvar av dei tek kommunen i dag mot 1,325 millionar kroner i vertskommunetilskot.

Det ordinære rammetilskotet for utviklingshemma som ekspertutvalet føreslår at vertskommunetilskotet skal erstattast av, utgjer til samanlikning berre 655.000 kroner per tenestemottakar. Ein forskjell på 670.000 kroner per person.

Størst tap
– Askøy har ein av dei lågaste driftskostnadane i landet for denne brukargruppa, hevdar Granheim.

– Politikarane har så langt halde fast på at tenestene til dei utviklingshemma skal vera i samsvar med dei vedtaka som vart fatta ved då institusjonen Furuly vart nedlagt. Med eit slikt kutt i inntektene, kan det hende at politikarane i Askøy må revurdera fordelingane til tenestene i kommunen, seier leiaren for tenesteutvikling i Askøy kommune.

Oppfordrar til mobilisering
Askøy er mellom dei kommunane som tydelegast vil få merka eit eventuelt kutt i dei statlege overføringane til utviklingshemma, understrekar Granheim. Han har alt vore i kontakt med representantar for dei 32 andre vertskommunane. No oppfordrar han politikarane i heimkommunane til tverrpolitisk mobilisering på vegne av dei utviklingshemma.

Den statlege garantien som sikrar kommunane mot store inntektsskilnadar frå eitt år til det neste må tre inn i dette tilfellet, håpar Granheim. For Askøy vil det årlege inntektstapet i å så fall verta redusert til ni millionar kroner.

Ekspertutval i Oslo
Forslaget om å sletta vertskommunetilskotet er teke med i Regjeringa sin kommuneproposisjon for 2019.

I iveren etter å kutta i det statlege byråkratiet og spara pengar, har Regjeringa oppnemnt eit ekspertutval som har gjennomgått dagens 249 øyremerkja tilskotsordningar. Ved å innlemma 64 av ordningane i det ordinære rammetilskotet til kommunane, vil det vera mogeleg å spara 12,2 milliardar kroner, tilrår ekspertane i Oslo.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.