Lokal FrP-leiar melde seg ut frå talarstolen

Under eit dramatisk stiftingsmøte i Nye Øygarden FrP vart Kristin Børve Jacobsen frå Klokkarvik vald til å leia partiet inn i den nye storkommunen.

Kristin Børve Jacobsen, leiar i Sund FrP, vart utan motkandidat vald til å leia Nye Øygarden FrP inn i den nye storkommunen. Her frå valkampen i haust, saman med olje- og energiministr Terje Søviknes og Thor Morvik.

Det vart splitting og full oppvask under FrP sitt felles medlemsmøte for Fjell, Sund og Øygarden i går. For fem av dei ni posisjonane i styret vart det fremma benkeforslag mot valkomiteen si innstilling.

– Valet baud på eindel overraskingar samanlikna med valkomiteen si innstilling, medgjev nyvald leiar Kristin Børve Jacobsen som til no har vore lokallagsleiar i Sund. Sjølv var ho ein av dei som vart vald utan motkandidat på stiftingsmøtet som vart halde på kommunehuset i Skogsvågskiftet.

Melde seg ut
Ein av dei som ikkje stod på valkomiteen si liste var Kristian Johannessen. Leiaren for lokallagspartiet i Fjell fram til stiftinga av det nye lokallaget, valde like godt kunngjera frå talarstolen i stiftingsmøtet at han trekkjer seg frå FrP.

– Eg melde meg ut fordi eg ikkje kan stilla meg bak det nye styret. Her vart det vald inn personar som driv med mobbing og trakassering, grunngjev Johannessen den overraskande handlinga ovanfor nettavisa Tunnelsyn.no.

Å namngje personar ønska Johannessen ikkje. Av samtalen kjem det likevel fram at Johannessen som også er leiar for kontrollkomiteen i Fjell, sterkt har mislikt noko av den kritikken han har fått i lokale media, mellom anna på nettavisa Tunnelsyn.no, frå partikollegaer som Georg Indrevik.

Inn frå sidelinja
Indrevik var ein av dei som kom inn frå sidelinja og sikra seg plass i det nye styret. Med knapt fleirtal vart den tidlegare varaordføraren i Fjell vald inn som medlemsansvarleg i det nye styret etter benkeframlegg frå salen. Valkomiteen hadde innstilt på Trude Farstad frå Fjell.

Valkomiteen var også innstilt på at Daniel Victor Sandvik burde verta organisatorisk nestleiar. Han måtte vika plass for Vidar Moen etter benkeframlegg.

Også posisjonane som sekretær og styremedlem vart det kamp om. Som sekretær vann Ketil Thuen, som var valkomiteen sin kandidat, kampvoteringa mot Ketil Hansen frå Fjell.

– Nokon hadde mobilisert, konkluderer Johannessen.

-Sjølve voteringa føregjekk i ordna formar, understreka Børve Jacobsen.

Visjon om eit sterkt FrP
– Eg har stor tru på det nye styret. Vi skal verta eit sterkt FrP, som skal delta i eit borgarleg samarbeid i posisjon etter 1.1.2020, utdjupar den nyvalde leiaren sitt hovudmål ovanfor nettavisa Tunnelsyn.no.

– Eg ønskjer Kristin og det nye lokallaget lukke til. Dei har eindel å gripa fatt i. Dette valet var ikkje bra for FrP, seier Johannessen.

Nystifta Nye Øygarden FrP har kring 200 medlemmar. 33 av dei røysta under gårsdagen møte.

Styret i det nystifta lokallaget (dei som var tilstade på stiftingsmøtet): framme fh: Kristin Børve Jacobsen, Anne-Karin Gørbitz og Ingunn Stenehjem. Bak fh: Svein Otto Jacobsen, Kjetil Thuen, Vidar Moen, Svein Berger Bjørge og Georg Indrevik. Foto: FrP

Styret i Nye Øygarden FrP ser slik ut:
Leiar: Kristin Børve Jacobsen (Sund)
Politisk nestleiar: Svein Berger Børve (Øygarden)
Organisatorisk nestleiar: Vidar Moen (Fjell)
Kasserar: Ronald Pedersen (Sund)
Sekretær: Kjetil Thuen (Sund)
Studieleiar: Svein Otto Jacobsen (Sund)
Medlemsansvarleg: Georg Indrevik (Fjell)
Styremedlem: Anne-Karin Gørbitz (Øygarden)
Styremedlem: Ingunn Stenehjem (Fjell)
Vara: Karsten Fjeldstad (Øygarden)
Vara: Kenneth Eide (Sund)
Vara: Pål Nybø (Fjell)

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.