Vestland møter motstand i Stortinget

Vender tommelen ned for Vestland og Regjeringa sine andre framlegg til namn på dei nye storfylka.

Vestland – forslaget til namn på det nye storfylket på Vestlandet møter motstand på Stortinget. (Illustrasjon: Varsom.no).

Vestland, saman med Viken og Innlandet, er dei tre  namneforslaga Regjeringa har lagt fram som har vekt mest motstand frå ulike hald.

Les: Vestland fylke på Vestlandet

Norsk Språkråd er mellom dei som har protestert heftigast.

Behandlinga i Kommunal- og forvaltningskomiteen i går viser at fleirtalet i komiteen ikkje er samde i Regjeringa sine forslag til namn på dei nye storfylka, ifølgje ei pressemelding frå Hordaland fylkeskommune.

Arbeiderpartiet, Senterpartiet og SV står bak fleirtalet i komiteen. Dei tilrår at saka vert sendt tilbake til Regjeringa. Regjeringa skal be Norsk Språkråd om ei samla vurdering av namneforslaga, før dei sender saka ut på høyring.

Fleirtalet i komiteen peikar på at namn på fylke har mykje å seie både historisk og kulturelt og involverer mange som ikkje har fått delta i den gjennomførte prosessen. Dei har og merka seg at namneforslaga til regjeringa har vekt reaksjonar frå omliggjande fylkeskommunar, ifølgje pressemeldinga.

Høgre, FrP og KrF sine representantar stemte for Vestland og dei 10 andre fylkesnamna Regjeringa har føreslege.

Stortinget skal avgjera saka 7. juni.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.