Krev lovlegheitskontroll av Liljevatnet-nedlegging

SV og FrP står skulder ved skulder i kravet om lovlegheitskontroll av kommunestyrevedtaket om nedlegging av Liljevatnet barneskule.

FAU ved Liljevatnet skule har i uvanleg stor grad sett behov for å søkja hjelp frå eksterne rådgjevarar i samband med diskusjonen om nedlegginga av nyaste barneskulen i Fjell.

Vedtaket om å leggja ned Liljevatnet skule frå hausten 2019 må gjennom ein ny debattrunde i kommunestyret i Fjell. Det vart klart etter at Andreas Sjalg Unneland (SV), Ingunn Stenehjem (FrP) og Kjetil Hansen (FrP) denne veka underteikna eit felles krav om lovlegheitskontroll av nedleggingsvedtaket.

Held kommunestyret fast på det opphavelege vedtaket, vert det opp til Kunnskapsdepartementet å ta endeleg avgjerd i saka.

Steile frontar
Planen om å leggja ned nyaste barneskulen i kommunen vekte sterk motstand i lokalmiljøet.

Les: – Vil leggja ned utstillingsvindauge

Debattane i kommunestyre og komitear var prega av steile frontar: Posisjonen, ved Høgre og Arbeiderpartiet, saman med KrF, var for nedlegging. Mindretalet FrP, SotraLista og SV argumenterte like sterkt mot.

Les: Diskuterte skulenedlegging for tom sal

FAU
Kommunestyremedlemmar som er usamde i eit politisk vedtak, kan krevja lovlegheitskontroll etter Kommunelova.

I kravet om lovlegheitskontroll har dei tre kommunestyrepolitikarane jobba tett opp mot FAU ved Liljevatnet skule. Kravet er utforma av advokatfirmaet Hammervoll Pind, og vart innsendt til Fjell kommune av FAU.

Foreldreutvalet ved Liljevantet har engasjert seg uvanleg sterkt i nedleggingsdebatten. FAU har finansiert kostnadane til kostbar juridisk ekspertise ved å ta av bufferfondet som var sett av til vedlikehald av ballbingen, ifølgje FAU-leiar Knut Are Bjørdal.

– FAU er svært lei seg for at vi må gripa til slike midlar. Det gjeld både den økonomiske delen, men når dei demokratiske prosessane, i form av feil og manglar som vert påpeika, gjennom dialog og høyringsutsegn ikkje fungerer, såg ikkje FAU anna råd, skriv Bjørdal i ein epost til nettavisa Tunnelsyn.no.

Dette skal vurderast
Ved ein lovlegheitskontroll skal det takast stilling til om vedtaket er innhaldsmessig lovleg. Om dei som har gjort vedtaket har mynde til å treffa avgjerd i saka, og om vedtaket er blitt til på lovleg måte.

I prosessen fram til endeleg vedtak av Liljevatnet og Tellnes skular i kommunestyret 7. mai var det mange som gav uttrykk for tvil om prosessen. Avgjerda vart teken først, og så bestelte administrasjonen ei utgreiing som støtta opp under avgjerda, er eit av argumenta i kravet.

Manglande utgreiing, kombinert med korte høyringsfreistar, er andre argument som vert nytta i kravet.

Les: Liljevatnet-foreldre leverer motrapport på overtid

Opprivande prosess
Rådmannen sitt framlegg i budsjettdebatten i fjor haust om å leggja ned dei tre barneskulane Liljevatnet, Skålevik og Tellnes for å spara pengar kom som lyn frå klår himmel på dei fleste.

Protestane var mange, ikkje heilt uventa. Skålevik skule fekk halda fram, men dei to andre ser altså ut til å verta lagt ned.

Les: Sparar Skålevik skule – kuttar i helse og omsorg

Fjell kommune var gjennom ein tilsvarande opprivande prosess for berre fire år sidan. Den prosessen førte til nedlegging av fire av dei minste barneskulane i kommunen, og vert først fullført med overføringa av elevane frå Misje til Landro skule komande haust.

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.