Rekordtidleg rosestart

Den dagen årets første roser spring ut er ein merkjedag.

Piggtrådrose. Einkel, med berre fire kronblad. Blømer på fjorårets greiner. Nederst på stilken ei fjorårsutgåve av ein av «piggane» som har gjeve rosa namn.

Rosesesongen på Straume starta i går. Ti dagar tidlegare enn rekordåret 2017, og to veker tidlegare enn i fjor.

Den langvarige berrfrosten og sprengkulda i vinter var brutal mot dei minst herdige rosene, særleg dei som stod i krukker. Hos dei meir herdige «villrosene» derimot, later det til at sola og varmen dei to siste vekene vil føra til ein sjeldan tidleg start på bløminga.

Først ut var vengerosa, også kjent som «piggtrådrosa» på grunn av dei spesielle, eldraude, torneliknande vengene. Første rosa falda ut sine fire kvite kronblad i går, og i dag har fleire kome etter.

Piggtrådrosa blømer på fjorårets greiner. Ho vart planta våren 2016, men dette er første gong ho blømer.

Kanadiske Louise Bougnet lar seg ikkje hindra av ein skikkeleg norsk vinter med langvarig berrfrost og sprengkulde.

Tidleg ute dette året også er kanadiske Louise Bougnet. Ein annan nykomling, Spinisissima Plena markerer seg med å vera full av sprikkeferdige knoppar.

Tradisjonelle tidlegroser, som Flammentanz, har teke ein roleg start på sesongen. Det same er tilfelle med mange av dei moderne rosene.

Spinisissimasamlinga vart utvida med ein «Plena» i fjor. No står ho full av knoppar.

Musseline, som pleier vera tidleg ute med sine parfymeduftande, små rosa roser, fraus heilt ned i vinter, og har såvidt byrja få på plass det grøne bladverket.

Hageeigaren har klipt og gjødsla og gleder seg til fortsetjinga. Fortsetjinga er opp til vergudane…

 

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.