Offshoreinvesteringane aukar

Investeringane i røyrtransport og utvinning av olje og gass på norske sokkel vert forventa å enda på 156,5 milliardar kroner i 2018.

Planen for utbygging og drift av Troll fase 3 som kjem seinare i år vil kunna bidra til auka aktivitet ved CCB på Ågotnes.

Det er ein auke på 1,3 prosent samanlikna med fjoråret, ifølgje ferske tal frå SSB. Også forventningane til neste år aukar.

Utbygging og leiting
Drivarane i utviklinga er feltutbyggingar og leiting. Felt i drift, landverksemd, røyrtransport og nedstenging og fjerning bremsar oppgangen.

Ti utbyggingsplanar
I fjor vart det levert ti planar for utbygging og drift. Det er effekten av desse som etterkvart vil slå inn i fastlandsøkonomien. Den store effekten vert venta å koma frå 2019 og framover, ifølgje Norsk olje og gass.

– Dette skapar ny aktivitet i industrien. Vi ser at norske selskap jamnleg vert tildelt store kontraktar, så dette er gledelege tal, seier administrerande direktør Karl Eirik Schøtt-Pedersen i Norsk olje og gass i ei pressemelding.

Troll 3
Fleire utbyggingsplanar er forventa seinare i år.

Troll fase 3 vert venta å koma til hausten. Ei realiseirng av planane for utvinning av gassreservane på Troll Vest vil kunna få store ringverknadar for offshorekommunane vest for Bergen.

Planane for Johan Sverdrup fase 2, Luno 2 og Mikkel Sør vert venta å villa koma på slutten av året.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.