Personverntabbe frå fylkesmannen

Det gjekk frykteleg gale då fylkesmannen i Hordaland skulle visa at staten sin mann i Hordaland føl dei nye personvernreglane.

Statens mann i Hordaland sende fredag ut ein epost til samtlege nyhende abonnementar med 1.575 epostadresser fullt synleg i adressefeltet.

Fredag etter lunsj sende fylkesmannen i Hordaland ut ei epostmelding til samtlege registrerte abonnentar på nyhende om at dei måtte bekrefta abonnementet sitt eller endra personverninstillingane i dataregisteret.

Meldinga skulle bekrefta at staten sin mann i Hordaland føl dei nye personvernreglane som trer i kraft frå 1. Juli. I staden gjekk det frykteleg gale. Noko som aldri skulle ha skjedd, skjedde. Fullt synleg i adressefeltet innehaldt meldinga epostadressene til samtlege 1.575 abonnentar i det digitale abonnentregisteret.

-Skulle aldri ha skjedd
– Dette skuldast ein teknisk feil. Eg fekk ikkje lasta over før eg trykte på sendknappen. Det er berre å beklaga. Dette skulle aldri ha skjedd, seier seniorrådgjevar Edvard Høgestøl som sende den uheldige meldinga til nettavisa Tunnelsyn.no.

Tabben vart raskt oppdaga. Åtte minutt etter at meldinga gjekk ut sende Høgestøl ut ei tilbakekalling av meldinga. For mange abonnentar innebar tilbakekallinga at dei fekk tilsendt fylkesmannen si digitale adresseliste to gongar.

Ikkje heile registeret
Dei nye personvernreglane skal sikra mot at personidentifiserbar digital informasjon vert spreidd og misbrukt.

Nett kor mange som mottok meldinga med dei mange epostadressene har Høgestøl ikkje oversikt over. Eindel av dei 1.575 epostadressene er ikkje lenger aktive, reknar han med.

Glippen omfatta berre abonnementlista, ikkje heile epostregisteret til fylkesmannen. For andre typar opplysningar ligg epostadressene lagra andre stadar, understrekar Høgestøl.

Personvernombod
Dei nye og strengare personvernreglane som vert innført frå og med komande månadsskifte kan for mange vera uoversiktlege og kompliserte. Offentlege verksemder, som fylkesmannen, er difor pålagt å etablera eit eige personvernombod som skal sikra at regelverket vert fulgt.

Korvidt fylkesmannen i Hordaland har oppretta noko personvernombod, kan Høgestøl ikkje svara på. Tiltaket skulle ha vore på plass frå mai månad i år.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.