Framo opnar innovasjonssenter

I Framo sitt innovasjonssenter i Florvåg på Askøy skal havbruksnæringa få løyst problem det i dag ikkje finst løysingar på.

Kompetanseoverføring frå olje, gass og maritim verksemd til havbruk og havvind vil kunna bidra til at Norge reduserer dei sykliske svingningane i framtida, sa olje- og energiminister Terje Søviknes då han trykte på den blå knappen og opna Framo sitt nye innovasjonssenter. (Foto: Framo/Øystein Klakegg).

Framo er ein verdsleiande produsent av pumper til olje, gass og maritim verksemd, med hovudkontor i Florvåg på Askøy. Skal dei kunna overføra kompetansen og utvida marknadsområdet til også å omfatta område som havbruk og fornybar energi, treng dei innovera i samarbeid med kundane.

Blå – for havnæringane.

Motverka sykliske svingningar
Det var olje- og energiminister Terje Søviknes som i føremiddag trykte på den blå knappen som markerte at Framo sitt innovasjonssenter er klart til å takast i bruk.

Optimismen er på veg tilbake i offshorenæringane. Regjeringa er likevel oppteken av at norsk næringsliv må få fleire bein å stå på slik at vi kan unngå tilsvarande store sykliske svingningar i framtida. Då vert innovasjon som det Framo legg opp til viktig, seier Søviknes.

Leiinga for innovasjonssenteret legg lista høgt:

– Vi søkjer kundar som har problem det i dag ikkje finst løysingar på, seier direktør Oddbjørn Jacobsen som skal leia innovasjonsarbeidet.

Havbruk
Konsept- og produktutvikling i tett diskusjon med kundane vert hovudoppgåva til dei 11 tilsette i innovasjonsteamet.

Aktiviteten vert i første omgang retta mot havbruksnæringa. Lingalaks AS har alt gjeve dei første oppgåva å bryna seg på. I innovasjonssenteret står ein nedskalert modell av eit lukka, flytande oppdrettsanlegg som oppdrettsverksemda har fått utviklingskonsesjon for. I innovasjonslaben skal dei testa utstyr som kan tilby optimale måle- og strømningstilhøve i eit framtidig havbruksanlegg med betre fiskehelse og meir berekraftig produksjon. Regulering av vassinntaket og reinsing av utsleppsvatnet er døme på oppgåver som må utførast på ein god måte.

Spesialtilpassa
Bruk av avanserte datamodellar i testfasen skal på eit tidleg tidspunkt gje svar på om dei nye produkta fungerer etter intensjonane, før dei vert sendt i produksjon.

– Kundane vil få spesialutvikla eller tilpassa pumper som vil fungera veldig godt i dei systema dei skal inngå i. All produksjon vil ha høg kvalitet og vil skje her i Hordaland, seier Jacobsen.

Visningssenter
Senteret skal også fungera som eit visningssenter for havbruksnæringa og for skular og næringslivstilsette som ønskjer å læra meir om Framo, fortel leiaren for Framo sin nye innovasjonslab.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.